JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Hans-Christian Gabrielsen:

– Kor er analysa som viser at togprivatiseringa er god økonomi og gjev betre tenester?

LO-nestleiar Hans-Christian Gabrielsen angrip jarnbanereforma for manglande fakta. Samferdselministeren peikar på Gjøvikbanen og 50 prosent innsparing.
KRITISK: Hans-Christian Gabrielsen meiner det er eit dårleg faktagrunnlag - og heller ideologi - som ligg bak at jarnbanen skal konkurranseutsettast. Frå talarstolen forsikra 2. nestleiaraen av LO at dei streikande lokførarane har heile LO i ryggen i sin streik.

KRITISK: Hans-Christian Gabrielsen meiner det er eit dårleg faktagrunnlag - og heller ideologi - som ligg bak at jarnbanen skal konkurranseutsettast. Frå talarstolen forsikra 2. nestleiaraen av LO at dei streikande lokførarane har heile LO i ryggen i sin streik.

Bjørn Asle Grimstad

oystein.windstad@lomedia.no

På landsmøtet til Norsk jernbaneforbund kom 2. nestleiar av LO, Hans-Christian Gabrielsen, med kritikk av regjeringa sin jarnbanereform. Fleire strekker skal konkurranseutsettast til neste år.

Gabrielsen er langt frå sikker på kva samfunnet vil tene på reforma:

– Dette er ei hastig vedteke og berre halvvegs gjennomtenkt reform som kan sette jernbanen langt tilbake i tid. Vi manglar klare fakta, analyser og tal som viser at reforma vil virke. Dette er basert på verken fakta eller forskning, men ein idè om at marknaden vil løyse problema, sa Gabrielsen frå talarstolen fortsette:

– Denne oppstykkinga av jernbanen vil gje mange fleire ledd. Dette er ikkje ei jarnbanereform, dette er i byråkratireform, sa Gabrielsen. Han understreka at dei streikande lokførarane har heile LO i ryggen og at privatisering vil gje innsparingar ved at det blir kutta i løn, pensjon og arbeidsforhold.

Solvik-Olsen avviser at jernbanereformen er privatisering

– Sparte 50 prosent

Samferdselminister Ketil Solvik-Olsen (Frp) ga også ei innledning og svarte på spørsmål frå salen.

– Du fekk spørsmål om kor er analysa som viser økonomisk gevinst og bedre tenester ved konkurranseutsetting?

– Vi har gjort vurderinger som viser om du får kortare veg mellom dei som tek beslutning og dei som skal utføre oppgåva, så er det normalt at ein får bedre smidigheit og bedre beslutningar. Erfaringer frå konkurranseutsetting i Tyskland og Baden-Württemberg med å kjøpe togtenester viser at det blei gjort innsparingar, utan at dette gjekk utover dei tilsette . Det er mange eksempel på at om det er fleire som konkurrerer om å levere best mogleg tilbod, gir det innsparingar.

– Har regjeinga estimat og analyser på kor mykje ein vil spare på konkurranseutsetting av jarnbanen?

– Vi såg at ein fekk ein reduksjon på kostnadane på eit titals millionar kroner for Staten då Gjøvik-banen blei konkurranseutsatt. Det blei også ei auke på 50 prosent på antal avgangar. Det indikerar i alle fall at det er mange millionar kroner å spare, utan at det går ut over kvaliteten. Tvert imot kan konkurranseutsetting gje veldig gode resultat. Når vi no set oss ned og går igjennom alle element ved norsk jarnbane og ser på korleis den bør vere skrudd sammen på ein god måte, er det nokre utgifter ved det. Dette trur eg vil bli spart inn igjen etter nokre år med bedre og meir effektiv drift, sa samferdselminister Ketil Solvik-Olsen.

Dette er en sak fra

Vi skriver om de ansatte i alle deler av jernbanen og busstransport.

Les mer fra oss

Annonse
Annonse