Forslaget som avverga togstreiken skal ut på høring
Regjeringa vil ha innspel til ny lokførarutdanning
Regjeringa sitt forslag til blant anna ny lokførarutdanning skal ut på høring. Norsk lokomotivmannsforfund ser både positive trekk og punkt dei meinar må betrast.
NASJONAL STANDARD: Lokførerstreiken blei avblåst da samferdselsminister Ketil-Solvik Olsen, etter fire veker, kom banen.
Montasje
oystein.windstad@lomedia.no
Togstreiken blei avblåst etter at Samferdselsminister Ketil-Solvik Olsen kom med det som både NSB og Norsk lokomotivmannsforbund (NLF) har etterlyst: Ein nasjonal standard for kva som skal til for å kjøre tog.
No har regjeringa sendt ut forslaget på høring:
– Kort oppsummert er det ein del høve som det er tatt hensyn til i forslaget. Det gjeld både arbeidskonflikta og sikkerheitsfarene som blei peika på i Safetec-rapporten som blei bestilt av regjeringa. Samtidig er det ein del manglar. Det er ein del alt for runde formuleringar rundt det å skape å skape dei nødvendige standarar i ein deregulert jarnbanesektor, seier Jan-Even Nystad, lokførar og nestleiar i NLF.
• Lokførarane har norges sterkaste streikevåpen
AVBLÅST: Fanene på bildet er frå ei solidaritetsmarkering med lokførarane. Streiken blei avblåst etter at NLF og NSB fekk gjennomslag for at Samferdselsdepartementet skule kome med krav om nasjonal standard til lokførarutdanning. NLF etterlyste dette skriftleg til Samferdselsdepartementet allereie i 2015.
Bjørn A. Grimstad
Kjem med innspel
Fristen før å kome med innspel til Samferdselsdepartementet er 5. desember. Nystad seier at dei vil kome med element dei vil ha klargjort:
– Det som manglar i høringa og i forskrifta er kva spørsmål rundt ei komande bransjeforening. Kva krav er det om å kunne sette av folk til å delta i ei bransjeforening og kva juridiske forpliktelar vil det ligge i vedtaka som blir fatta i ei bransjeforening. Det er det ikkje sagt noko om i forslaget til forskrift, seier Nystad i NLF.
Togstreiken varte i fire veker og blei avslutta 30. oktober.
• – Lokførerne streiket for sikkerhet. Den kampen bør flere føre
Dette er en sak fra
Vi skriver om de ansatte i alle deler av jernbanen og busstransport.