Regjeringa kuttar og flyttar penger til «Nye Veier»
Regjeringa kuttar. 190 stillinger må vekk i Statens Vegvesen
Vegvesenet er pålagt å spare 140 millionar kroner og mistar oppgåver til Nye Veier. Det fører til at 190 stillinger skal kuttast.
MÅ SPARE: Statens Vegvesen må spare rundt 140 millioner kroner og skal starte arbeidet med å kutte 190 stillinger. Så langt håpar både leiing og tillitsvalde på at dette kan ordne seg med naturleg avgang og at folk får nye oppgåver.
Statens vegvesen
oystein.windstad@lomedia.no
ane.borrud@lomedia.no
Konsekvenser av blant anna effektiviseringskrav og at oppgåver går til Nye Veier gjer at det skal kuttast tilsvarande 2,5 prosent av dei tilsette i Statens Vegvesen. Vegdirektoratet skal kutte rundt 36 stillinger, noko som tilsvarer rundt 3 prosent av dei tilsette. Det er ikkje klart kor kutta kjem og kva avdelinger som vil merke det.
• LO Stat: – Regjeringen angriper pensjonene til statsansatte
Trur dei slepp å sparke tilsette
Kvart år er det ein naturleg avgang på rundt fem prosent i Statens Vegvesen ved pensjon eller jobbytte eksempelvis. Det gjer at både leiing og dei fagorganiserte i Forbundet for ledelse og teknikk (FLT), Norsk tjenestemannslag (NTL) og Arbeidsmandsforbundet håpar innsparinga skjer utan at nokon mistar jobben.
• Så mye fikk de ansatte i Staten og Spekter-området
Vil unngå oppsigelser
Olaf Tisjø som er hovudtillitsvalgt for Arbeidsmandsforbundet meiner det er positivt at Vegdirektøren signaliserar at leiinga vil ha med fagforeningane i prosessen:
– Så langt er ikkje noko klarlagt enno. Det er ikkje bestemt kor nedskjæringane skal skje. Vegdirektøren seier dei skal prøve å unngå oppsigelser, men at dei tilsette må regne med å kunne få nye arbeidsoppgåver. Og det tenker eg at vi må kunne akseptere. Krava til nedskjæring ligge der. Dei må vi forhalde oss til. Vår viktigaste jobb er å unngå oppsigelser. Verda endrar seg, og Vegvesenet endrar seg. Det må vi akseptere, avsluttar Tisjø. Alle statlege organ er pålagt eit avbyråkratiseringskutt på 0,6 prosent av regjeringa.
• Så mye taper Akademikerne etter lønnsoppgjøret i Staten
• Følg oss på Facebook
Dette er en sak fra
Vi skriver om og for arbeidsfolk i blant annet anlegg, vakt, renhold, asfalt og bergverk.