JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Tre ønsker til Jonas Gahr Støre

– NFF treng pengar, folk og ei verktøykasse

Asle Aase i Norsk Fengsels- og Friomsorgsforbund har tre ønsker frå Jonas Gahr Støre og Ap om dei kjem i regjering.
VIL BLI HØYRD: Asle Aase, nestleiar i Norsk Fengsels- og Friomsorgsforbund håpar at den sittande og komande regjeringa vil lytte meir til dei tillitsvalde. Han er ikkje imponert over Stortingsproposisjonen om Kriminalomsorgen til Anders Anundsen.

VIL BLI HØYRD: Asle Aase, nestleiar i Norsk Fengsels- og Friomsorgsforbund håpar at den sittande og komande regjeringa vil lytte meir til dei tillitsvalde. Han er ikkje imponert over Stortingsproposisjonen om Kriminalomsorgen til Anders Anundsen.

Ole Palmstrøm

oystein.windstad@lomedia.no

Asle Aase er blant anna uroa over at fleire av dei som jobbar i fengsel blir angripne og skada på jobben. Frå talarstolen på LO Stat sin konferanse på Gol tok han til orde for ein ny kurs. Han såg mot Jonas Gahr Støre som hørte på debatten:

– Arbeidstilsynet sin rapport viser meir vold mot dei tilsette i norske fengsel. Vi har ingen å miste. Jonas, vi treng pengar, folk og ei verktøykasse til å gjere jobben vår. Det er det vi treng og det einaste vi ber om, sa han og la til

– Vi ønskar ei regjering som tek samfunnsansvaret på alvor, tilbakeføring og beskyttelse av samfunnet, sa Aase i NFF.

Se alle våre saker fra Kartellkonferansen

Varslar trongare tider

Ap-leiar Jonas Gahr Støre svara ikkje konkret på spørsmålet om meir pengar til Kriminalomsorgen. Men han kom med signal:

– Kriminalomsorgen har hatt skrinne år i det siste og fangar har blitt sendt til Nederland. Vi får bygge våre egne fengsel og ta det ansvaret, sa Støre og sa generelt om mange ønsker om større bevilgningar til fleire sektorar:

– Det kjem til å bli trongere i åra som kjem. Vi har hatt 25 år med vekst der vi har fokusert på satsingar og utvidingar. Der er vi ikkje lenger. Det kjem til å bli tøffare økonomisk situasjon med mindre pengar i statsbudsjettet, varsla Støre.

Warning
Dette er en sak fra

Vi skriver om ansatte i fengsel og friomsorg.

Les mer fra oss

Annonse
Annonse