Ønska som ny leiar av LO Stat
NTL Sentralforvaltninga foreslår forbundssekretær Ragnar Bøe Elgsaas som ny leiar i LO Stat.
JOBB
I november skal LO Stat-leiar Tone Rønoldtangen bli pensjonist, og går av på representantskapsmøtet på Gol.
No lanserer ein av dei to største landsforeiningane i NTL, NTL Sentralforvaltninga, sin kandidat: forbundssekretær Ragnar Bøe Elgsaas.
– Sterk kandidat
Leiar Bjørn Halvorsen i landsforeininga meiner dei har spelt inn ein sterk kandidat:
– Vi foreslo Ragnar som forbundssekretær i 2010, og vi har alltid hatt full tillit til han. Han har ein brei bakgrunn, og så er det ein stor fordel at han har så god peiling på pensjon, både i staten og Spekter. Det blir viktig framover, seier Halvorsen.
Han peikar også på at Bøe Elgsaas har sete i forhandlingsdelegasjonen i NTL ved dei siste hovedtariffoppgjera, både for overeinskomstsektoren og staten.
– Og så har eg inntrykk av at han samarbeider bra med dei andre forbunda som er representert i LO Stat, seier han.
At forbundssekretæren er utdanna samfunnsøkonom, ser Halvorsen berre som ein fordel.
– Ragnar har omfattande erfaring, både politisk og organisatorisk, seier Halvorsen.
Forslaget blir no sendt inn til NTL.
– Hyggeleg
Sjølv seier Bøe Elgsaas at det er hyggjeleg å bli spurt.
– Eg vart spurt om eg kunne tenke meg å bli foreslått, og eg tenkte litt på det og konklusjonen blei at det kunne eg tenke meg, seier han.
Han understrekar at det sjølvsagt er opp til både valkomite og representantskapsmøte å finne fram til ei leiing og eit styre.
Men Bøe Elgsaas er ikkje i tvil om at det blir mange spanande oppgåver i LO Stat framover.
– Det er nok å nevne pensjon, utvikling av lønnssystem med hovedtariffavtalen, staten som arbeidsgjevar og korleis leiing og styring i staten skal vere. Her vil LO Stat ha ein viktig rolle, seier han.