JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Slik vil regjeringa sikre at staten tilset fleire med hol i CV-en

Regjeringa kjem med fleire forslag for å sikre at staten inkluderer fleire i arbeidslivet.

Kai Hovden

tormod@lomedia.no

Fredag sendte Kommunal- og moderniseringsdepartementet endringar i forskriftene til statstilsettelova ut på høyring.

Regjeringa foreslår at jobbsøkarar med hol i CV-en skal ha same vilkår som dei med funksjonsnedsetting har i dag. Det medfører:

• Minst éin kvalifisert jobbsøkar med hol i CV-en skal kallast inn på intervju.

• Søkarar skal tilsettast om han eller ho er tilnærma like godt kvalifisert som den best kvalifiserte søkaren.

• Personar med hol i CV-en kan søke på stillingar i eit praktikantprogram (lansert i juni).

• Arbeidsgivarar kan tilsette ein praktikant fast utan offentleg utlysing etter at praktikantprogrammet er fullført.

p

Personar med hol i CV-en har blitt definert som «ein nytilsett som har hol i CV-en på minst to år der personan ikkje har vore i arbeid, utdanning eller under opplæring».

Staten skal gå foran ...

Regjeringa lanserte den såkalla inkluderingsdugnaden for folk med nedsette funksjonsevne og hol i CV-en i plattformen sin etter valet i 2017.

– Staten skal gå foran i inkluderingsdugnaden, seier kommunal- og moderniseringsminister Monica Mæland (H) i ei pressemelding.

Målet er at minst fem prosent av nytilsettingar i staten skal vere personar med funksjonsnedsetting eller hol i CV-en.

... men ligg dårleg an

Staten tilset 20.000 personar årleg, ifølge regjeringa. Eit mål om fem prosent nytilsette med funksjonsnedsetting eller hol i CV-en vil dermed utgjere 1000 nytilsette årleg.

Ei undersøking av nytilsettingar andre halvår i fjor, viser at staten ligg dårleg an. Berre Arbeids- og sosialdepartementet er i nærleiken av å oppfylle målet, der delen nytilsettingar av folk med funksjonsnedsetting eller hol i CV-en er på 4,5 prosent.

– Vi ber no alle departementa om å intensivere inkluderingsdugnaden i sektorane sine, seier Mæland.

Dette er en sak fra

Vi skriver om de ansatte i staten og virksomheter med statlig tilknytning.

Les mer fra oss

Annonse
Annonse