JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Lokal LO-leiar: – Eg er skjemd

– Dette er ei alvorleg sak. Magne Ulvatn må øyeblikkeleg ut av alle sine verv. Framferda hans er til stor skade for heile fagrørsla, seier Rita Tonning, leiar i LO Førde og Omland om Kirketeig-saka.

randi@lomedia.no

– Fagrørsla er full av fantastiske og kompetente folk. Magne Ulvatn er ein av dei få som øydelegg, seier Tonning.

Ho seier dette på grunnlag av erfaringa ho har med Ulvatn i styret. Tonning vart leiar i den lokale LO-avdelinga i 2006, samstundes som Magne Ulvatn kom inn for Fellesforbundet.

Rakka ned

– Eg vart overraska då eg oppdaga at Magne Ulvatn sverta dei andre i styret og meinte dei var udugelege. Mellom anna rakka han ned på nestleiaren i plenum på ein fylkeskonferanse.

Han nekta og å ta på seg oppdrag, endå han hadde løn som fast tillitsvald. Det provoserte dei andre som jobba for LO på fritida. Til dømes nekta han å sende ein søknad til AOF, endå han hadde jobba for dei og kjente systemet.

Det var mange episodar, og til slutt hadde leiar og nestleiar fått nok. Eit møte i 2009 med LO sin distriktssekretær Arvid Langeland enda med at Ulvatn gjekk frå møtet, og trekte seg frå styret. Etterpå forklarte han utmarsjen med at dei andre var håplause, fortel Rita Tonning.

Trekte seg i protest

Tonning er ikkje aleine om å reagera mot avdelingsleiar Ulvatn sin stil.

– Magne Ulvatn er kjend for stilen sin, seier Stefan Blaes frå Stryn. Han var styremedlem i Avdeling 19 i tre år, og trekte seg i mars 2010.

Blaes seier til Magasinet at det tok tid før han skjønte korleis det var fatt. Då prøvde han tre gonger å ta opp Ulvatn sin leiarstil med styret. Det gjekk ikkje.

Stefan Blaes var studieleiar, og Jarle Kirketeig skulle samordne arbeidet. Ved eit høve bad Blaes om dekning for to timer tapt arbeidsforteneste. Då utbasunerte Ulvatn at Jarle gjorde ikkje jobben sin.

– Eg fikk hakeslepp. Men slik var han, fortel Stefan Blaes. Han reagerte også på ei ordre om at det ikkje skulle skrivast noko kritisk i årsmeldinga frå studieutvalet. Seinare fekk Blaes jobb på eit omsorgssenter og melde seg inn i Fagforbundet.

Annonse
Annonse