Ein flaum av framlegg
Avdelingane i heile landet hev sendt inn forslag til Fellesforbundet sentralt. Til hausten skal landsmøtedeltakarane diskutere kontingent, vikarbruk og minsteløn so busta fyk.
sian.ohara@lomedia.no
Perm etter perm smell i bordet på kontoret til informasjonsansvarleg Vidar Grønli på Lilletorget. Alle er dei proppa med innspel, korte og lange, om tema som opptek medlemma i Fellesforbundet der dei er på arbeidsstaden.
– Før fristen gjekk ut den siste dagen i april, hadde me allereie fengd inn fleire enn i fjor. Då fekk me 1400 forslag. Mange er svært opptekne av kontingentfordeling, medan andre hev eit brennande ynskje om at Oljefondet lyt investere meir av ressursane her heime i staden for å sette pengane vekk i utlandet, fortel Grønli entusiastisk og syner fram eit forslag i permen.
– Og her er nokon som ynskjer at Fellesforbundet skal utøve politisk trykk for å innskjerpe skjenketida.
– Korleis kan skjenkelova råke Fellesforbundet på noko som helst vis?
– Ho hev mykje å seie for medlemma som arbeidar i hotell- og restaurantbransjen, svarer Grønli med ei sjølvsagt mine.
Sjølvsagt.
Mange ledd
Fyrst skal forslaga grovsorterast etter kategori, anten dei høyrar saman med politikk, HMS eller økonomi internt i forbundet.
– Det er ein svær jobb. Me som jobbar på kontoret i Oslo hev fått reiseforbod framover for å rekkje over alt som skal gjerast, understrekar Grønli.
Etterpå skal det lagast ei innstilling med innspela som grunnlag, og seinare skal tårnet med papir til handsaming i administrasjonen. So tek forbundsstyret stafettpinnen vidare og til slutt landar forslaga hjå representantskapet som presenterer dei på landsmøtet i oktober.
– Landsmøtet er heilt grunnleggande i organisasjonen, og vedtektene utgjer ramma for Fellesforbundet sin måte å arbeide på, seier Grønli fast.
Dei fleste avdelingane, unnateken dei som er veldig små, dreg til landsmøte og drøftar innspela til endring der, før dei stemmer over kvart vedtak.
– Det er i prinsippet høve til å komme med benkeforslag på landsmøtet, men dei forslaga får sjølvsagt ikkje same førebuande prosess som desse, seier Grønli.
– Kan delegatane rekne med at Fellesforbundet sentralt dreg i gang ein dugeleg fest når dei tek turen inn til staden?
– Ja, eller nei. Fellesforbundet hev alltid hatt sømmelege landsmøte med grundige fagpolitiske diskusjonar. Det er ein fagpolitisk verkstad. Men kulturelle innslag kan dei forvente når dei kjem, seier Grønli.
Rekordtal i år
Ifylgje Grønli hev dei fengd inn fleire forslag enn nokon gong tidlegare, so alt tydar på at engasjementet levar i beste velgåande hjå medlemma.
Nokre avdelingar hev sendt inn fleire sider med forslag, medan andre hev nøya seg med to liner. Justert kontingent og anna fordeling av midlane internt i Fellesforbundet er allereie nemnt som heit potet blant forslaga, men større satsing på etter- og vidareutdanning er og etterlyst. I tillegg er tariff og rekruttering tema som gjeng att, seier Grønli.
Til saman blir det 500 sider, og vel so det, trur Grønli. Men andre ord nok av saker å debattere når troppane samlast på Oslo kongressenter i oktober.