Bakke: – God budsjettprofil
Forbundsleiar Arve Bakke er i hovedsak nøgd med statsbudsjettet.
- Statsbudsjettet har ei innretning som Fellesforbundet i all hovedsak kan slutte seg til. I ein svært vanskeleg situasjon i mange land rundt oss, vidarefører Norge ein økonomisk kurs for fleire i arbeid og sikring av velferdsordningane, seier Arve Bakke i ei pressemelding
- Fellesforbundet er glad for at løyvingane til samferdsle blir klart styrka. Det er også god næringspolitikk. Vi er også glade for at helsebudsjetta og eldreomsorgen får meir pengar. Det er heilt nødvendig for å styrke tenestene i heile landet, påpeiker Bakke.
Permittering
- Fellesforbundet er derimot svært kritiske til at det er føreslått sterke tilstrammingar i permitteringsregelverket for å få dagpengar. Sjølv om situasjonen på arbeidsmarknaden nå er betre enn da dei midlertidige reglane blei innførte i 2009, er dette eit feil tiltak som kan føre til at kompetanse i bedriftene forsvinn. Vi har merka oss at regjeringa vil sjå på dette på nytt dersom situasjonen på arbeidsmarknaden skulle bli verre. Fellesforbundet vil følgje utviklinga særs nøye framover, avsluttar forbundsleiaren.