Åra etter bomba
Varebilen, bomba, sjokket, tapet og sorga. Likskapane mellom bombeattentatet i Oslo og Oklahoma City er mange.
anders.hauge-eltvik@lomedia.no
Sheila berga livet fordi ho underviste i 9. etasje. Cathy vart overlevde fordi ho var på toalettet. Virginia var ute i eit møte, og såg arbeidsplassen hennar bomba i stykke. Tom var den fyrste skadde som kom til sjukehuset, og brukte 19 månader på å bli frisk.
Alle opplevde bomba mot den føderale bygningen i Oklahoma City på ulikt vis, og dei har alle takla sjokket og sorga på ulikt vis.
– Ikkje min tur
IT-konsulenten Sheila Kidder kom tidleg på jobb den 19. april 1995. Datasystema på avdelinga til departementet for bustader og byutvikling skulle leggast om, og ho skulle vere med på ein undervisningstime med nokre tilsette i toppetasjen i Alfred P. Murrah Federal Building.
To minutt over ni smalt det. Terroristen Timothy McVeigh hadde parkert ein varebil med ei bombe i tett ved bygget, og angrepet tok 168 liv inkludert 19 barn under seks år.
– Eg kjende at golvet løfta seg og at lysa gjekk. Så kom lyset tilbake igjen. Dagslyset kom inn gjennom dei utblåste veggane. Eg var eit par meter frå der golvet hadde rast saman. Eg var veldig heldig, seier ho.
Sheila fekk ei tavle over seg, som beskytta ho mot større skader. Då ho kom til seg sjølv, tok ho med seg kollegaane som var på undervisning ned trappene og ut i friluft. Der såg gruppa dei enorme skadane bomba hadde forårsaka.
Berga
Cathy J. Coulter gjekk på toalettet klokka ni. Alle dei som sat på kontorplassane rundt hennar plass omkom. Toalettbesøket berga høgst sannsynleg livet hennar.
– Eksplosjonen slo meg i bakken, og eg veit ikkje kor lenge eg vart liggande der. Eg klatra over den samanraste bygningsmassen og kom meg ut. Vi sprang vekk frå staden då det vart sagt at det var ei ny bombe, og vi heldt oss ved eit konferansesenter nokre hundre meter borte, fortel ho.
Cathy kom seg heim etter nokre timar, og det var fyrst då ho såg på TV at store delar av bygget hadde rast saman. Kollegaen Virginia Fredman hadde eit møte ein annan stad i byen akkurat denne dagen. Ho skunda seg tilbake til arbeidsplassen sin då dei fekk beskjed om bomba.
– Vi var her ti minutt etter det hadde skjedd. Vi såg fyrst den minst skadde sida av bygget. Vindauga var blåsne ut, og vi kunne sjå to kollegaar som sto i vindauga og vinka og prøvde å få merksemda til redningspersonellet. Så kom vi rundt på den andre sida av bygget, og då skjønte vi kor alvorleg dette var.
Hardt skadd
Tom Hall jobbar for General Service Administration, som driftar dei føderale bygningane i USA. Han fekk store skadar og var saman med ein kollega den fyrste som kom til sjukehus etter bombinga.
Tom brukte 19 månader på å komme seg etter dei fysiske skadane.
– Det tok enda lenger tid å bli bra av andre skader. Hugsen var ikkje bra igjen før etter seks-sju år, men det kan også ha noko med alderen å gjere, fleipar han.
Hør Tom Hall fortelle om sin opplevelse av bombeangrepet: <object width="360" height="203"><param name="movie" value="http://www.youtube.com/v/rAqYRU0idk0?version=3&hl=nb_NO"></param><param name="allowFullScreen" value="true"></param><param name="allowscriptaccess" value="always"></param><embed src="http://www.youtube.com/v/rAqYRU0idk0?version=3&hl=nb_NO" type="application/x-shockwave-flash" width="360" height="203" allowscriptaccess="always" allowfullscreen="true"></embed></object>
Tek tid
Alle dei fire har hatt takla dei sterke kjenslene på ulikt vis. Sheila Kidder har ikkje hatt behov for hjelp, og har vore meir eller mindre i full drift frå dag éin. Cathy og Virginia har brukt mykje gruppeterapi og snakka mykje om det som har skjedd. Dei seier ein må bruke tid på å komme seg noko som dette.
– Det kjem til å ta tid. Dei i Norge som er råka av dette må vite at dei treng å grine og å snakke om det. For det hjelp å snakke om det, og ikkje halde det inne, seier Cathy.
– Det kjem til å ta lang tid. Og det trengs mykje terapi. Start så snart som mogleg. Vi fekk terapi med ein gong, og vi gjekk der fleire år. Det tok meg seks månader før eg klarte å seie noko i gruppeterapien, seier Virginia.
Begge to understrekar at arbeidsgjevarane har ein viktig jobb føre seg. For mange kan det ta lang tid å komme tilbake i vanleg arbeid, og dei to seier det er veldig viktig at det vert lagt til rette for dei enkelte.
Dei poengterar også at forsikringar og erstatningar må organiserast slik at dei råka slepp å få nye belastningar frå dette gong etter gong.
Sheila er open på at det har gått lettare å takle kjenslene for ho enn for mange av kollegaane. Ho er oppteken at også dét vert akseptert.
– Eg trur det handlar om identiteten din. Min identitet er at eg er kone, mor, joggar og mange andre ting. Den har aldri vore det at eg er ein av dei overlevande. Bombinga kjem nedst på lista. Eg kjenner ei som har det at ho overlevde som hennar identitet. Eg trur du må ha lyst til å komme deg vidare for å klare det. Eg trur ikkje alle ønskjer å komme seg vidare, seier ho.
Medkjensle
Hendingane i Norge har blitt lagt godt merke til i Oklahoma City, og alle som får sjansen uttrykker si medkjensle.
– Da eg høyrde om det som skjedde i Norge starta eg å grine. Eg veit kor redde desse menneska var. Korleis dei kom seg ut av bygningane og dei skremte familiane deira. Kor redde barna og ungdomane på øya var. Hjerta våre opna seg for folket i Norge, for eg visste kva dei hadde framfor seg. Det tek ikkje ein eller to månader, eller eit eller to år. Det er mykje å takle, seier Cathy.
19. april 1995, klokka 9.02, detonerte gjødselsbomba utanfor Alfred P. Murrah Federal Building i Oklahoma City.
Ein stor del av den ni etasjar høge bygninga kollapsa.
168 menneske vart drepne, 19 av dei var barn. Rundt 700 vart skadd.
Timothy McVeigh vart snart arrestert, og dømt til døden for angrepet. Han vart henretta i 2001.
Terry Nichols hadde hjelpt McVeigh med å lage bomba, og vart dømt til fengsel på livstid.
Motivet til terroristen sprang ut frå eit hat mot staten, og sinne over styresmaktene si handtering av Waco-beleiringa og skytinga ved Ruby Ridge.
Mest lest
Alf Jørgen Schnell og Ninthu Paramlingam i kollektivet Reduser Husleia mener mange lever i uverdige boforhold på leiemarkedet. Bildet innfelt er hentet fra annonsen det et kott med skyvedører tilbys for 6.200 kroner måneden.
Ida Bing og husleie.no
Dette «klesskapet» ble leid ut for 6.200 kroner i måneden: – Leiemarkedet blir bare verre og verre
STENGT: Klokka 12 lørdag formiddag stengte butikkene i Oslo og ni nabokommuner. Dagligvarebutikker og apotek er det eneste unntaket.
Lene Svenning
Nytt korona-sjokk: Tusenvis av ansatte i varehandelen på Østlandet står i fare for å bli permittert
SAKSØKER: Hege Berit Østgård er blant de 231 Industri Energi-medlemmene som går til gruppesøksmål mot Aker BP.
Jan Inge Haga
Hege Berit fikk hakeslepp da bedriften ville fjerne sluttpakken: – Respektløst overfor oss ansatte
SYKEMELDT: Da kollegaene ble permittert stoppet også bedriften å betale sin del av sykelønna til Frank Robert Neerland.
Aina Fladset
Frank Robert ble fratatt sykelønn da bedriften permitterte ansatte: – Overraskende
Erik Knudsen er fortvilet over beskjeden han fikk fra kommunen rett før jul.
Amanda Iversen Orlich/Dagsavisen
Erik mister 9.000 kroner i støtte og kan havne på gata
Håvard Sæbø
Arbeidstilsynet sladder lønna på underbetalte arbeidere. Nå må Røe Isaksen svare på hvorfor
Kjersti Stenseng
Jan-Erik Østlie
Arbeiderpartiet har mistet over 5.000 medlemmer
Forbundsleder i Fellesforbundet, Jørn Eggum.
Jan-Erik Østlie
Regjeringens nye veiselskap kan bli lagt ned. Fire LO-forbund mener det holder med Statens vegvesen
Tormod Ytrehus
Klubbleder Adrian fikk sparken. Nå får han penger fra LO for å ha noe å leve av fram til rettssaken starter
Afaransis Yassin (28) har ingen mulighet til å få økonomisk støtte fra familiemedlemmer. Da blir det nesten umulig å komme inn på boligmarkedet, mener hun.
Ida Bing
Afaransis (28) får ikke økonomisk hjelp hjemmefra: – Jeg er sjanseløs på boligmarkedet
Meieriansatte får 50 øre i generelt tillegg fra 1. mai i år. Enigheten i lønnsoppgjøret omfatter rundt 2.500 NNN-medlemmer.
Jan-Erik Østlie
Meieriansatte får ny lønn: Her er resultatet
Erlend Wiborg (Frp) er leder av arbeids- og sosialkomiteen på Stortinget
Sissel M. Rasmussen
Frp ville ikke være med på å forlenge AAP-perioden
Debatt
LO og forbundene våkne opp av dvalen og svinge pisken slik at tillitsvalgte og medlemmer våkner opp?, spør Arne Eide.
Jan-Erik Østlie
«Har LO vendt Arbeiderpartiet ryggen?»
Koronapandemien har bokstavelig talt kostet både helsedirektør Bjørn Guldvog og FHI-direktør Camilla Stoltenberg dyrt, i form av titusenvis av overtidstimer til både ledere og øvrige ansatte. Den regningen må også helseminister Bent Høie (her på skjermen bak) forholde seg til.
Lise Åserud / NTB
FHI-ansatte jobbet over 300 timer overtid i 2020 – ledere fikk millioner i kompensasjon
Bent Høie
Leif Martin Kirknes
Skjenkereglene endres: – For tidlig, mener Bent Høie
Kommentar
Erna Solberg sa selv fra Stortingets talerstol at hun vet at krisen slår skjevt ut, skriver Tirild Rustand Halvorsen. (Arkivfoto)
Jan-Erik Østlie
«Regjeringen snakker som om deres egen kompensasjonsordning er perfekt. Det er den ikke»
BESKYTTER ARBEIDSPLASSER: Rune Mjelde (til venstre), hovedtillitsvalgt i Store Norske, og Svein Jonny Albrigtsen, leder av LO Svalbard, mener at det fortsatt kan hentes ut kull fra Gruve 7 på Svalbard selv om kullkraftverket i Longyearbyen legges ned.
Katharina Dale Håkonsen
Rune og Svein Jonny kjemper for arbeidsplassene i den siste norske kullgruva på Svalbard
FERDIG: Deni Taramov er ferdig for student for denne gang. Nå søker han jobber.
Marius Fiskum
Deni ble permittert uten dagpenger og så seg nødt til å slutte på studie: – Jeg følte på en skam
SKIDE GODT: Lillestrøm kommune kuttet kraftig i dopapirutgiftene og sparte renholderne mye jobb ved å bli smartere til å telle papirmetere.
Stockthings/Colourbox
Dopapiret de sparte med ett enkelt triks tilsvarer reisen fra Hamar til Roma
Malin Brusveen og Mette Nordahl savner mer anerkjennelse for jobben de gjør.
Amanda Iversen Orlich