JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Uro på «Tippinga»

Leiinga sitt ønske om å sjå på outsourcing i Norsk Tipping skapar uro. – Vi forstår ikkje kvifor det skal vere nødvendig, seier leiar Gjermund Nedgård i NTL Norsk Tipping.

anders.hauge-eltvik@lomedia.no

Norsk Tipping skal gjennom ei omstilling, og tilbyr blant anna sluttpakkar til så godt som alle tilsette, og 100 000 kroner ekstra til dei som går av med AFP. Men forslaget om å sjå på outsourcing av kantine, ekspidisjon, reinhald og serviceverkstaden er NTL sterkt i mot.

Leiar Gjermund Nedgård i NTL Norsk Tipping seier dei avdelingane leiinga ønskjer å konsekvensutgreie privatisering av har 27 tilsette der 26 er medlemmar i NTL.

– Dette forslaget frå leiinga skapar oppstyr og uro. NTL er ikkje einig i dei virkemidla leiinga ønskjer å ta i bruk, og vi meiner det ikkje er nødvendig å setje i gong ei konsekvensutgreiing av å outsource desse områda, seier han.

Målet med omstillinga i Norsk Tipping er å gå frå å vere ein organisasjon med tyngepunktet i teknologi, til å bli meir kunde- og marknadsretta. Nedgård kan ikkje forstå korleis ein blir det ved å outsource støttefunksjonane.

– Dei råka er opprørt og kan ikkje forstå kvifor dette skal vere naudsynt. Dette er tenester som er høgt verdsett av dei tilsette. Vi har ei god kantine og reinhaldet er upåklageleg her. Ved ei privatisering kan desse tenestene blir dårlegare, seier han.

Om desse områda vert outsourca, skal taket på kor mange stillingar Norsk Tipping skal ha reduserast tilsvarande. Dermed blir det ikkje frigjort nokon årsverk som følgje av ei eventuell utskiljing. At leiinga ønskjer ny kompetanse forstår Nedgård, men han meiner dei burde tatt tak i dette tidlegare.

– Vi har poengtert at noko av grunnen til at det er behov for ei såpass stor omstilling no, er at arbeidsgjevar ikkje har tatt tilstrekkeleg ansvar på overordna nivå for å sørge for å ha den kompetansen som er naudsynt. Det er deira plikt og ansvar, og på enkelte områder ville det vore mogleg å vidareutdanne dei som allereie er tilsett, seier han.

Nedgård understrekar at NTL er einige i at Norsk Tipping må omstillast, men kjem til å jobbe med å finne argument som viser dei negative konsekvensane av utskiljing, sidan dei ikkje er einige i at dette virkemiddelet er riktig for å oppnå det selskapet ønskjer.

Hamar Arbeiderblad omtala planane til Norsk Tipping fyrst. Administrerande direktør Torbjørn Almlid seier til avisa at omstillinga vert gjort for å «smalne selskapets fokus». Han tar sjølvkritikk på manglande informasjon frå leiinga.

– Veldig mange var veldig irriterte over å måtte lese dette i HA og ikkje få det frå arbeidsgjevar. Det var dumt det skjedde slik, seier han.

Annonse

Flere saker

Annonse