JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Stort samferdselsløft

Nasjonal transportplan 2010-2019 inneber ein auke i løyvingane til samferdsel på 45 prosent i høve til førre NTP. Det skal brukast 321 milliardar kroner til samferdsel dei neste ti åra. Viktige tal. Store tal. Langt viktigare er det likevel kva dette vil bety for folk og næringsliv i Noreg.

Me satsar på veg og bane for å nå viktige politiske mål når det gjeld tryggleik, verdiskaping og miljø. Transportplanen til den førre regjeringa peika på konkurranseutsetjing og elegante finansieringsformer. Denne transportplanen er eit uttrykk for at me vil bygge landet, og bruke dei store pengane på å løyse dei store oppgåvene.

Eg er særs oppteken av å få ned talet på drepne og alvorleg skadde i trafikken. Alt for mange vert i dag råka av trafikkulukker med den belastninga og lidingane som følgjer med det. Noreg er i dag i verdstoppen i trafikktryggleik, men me vil framleis arbeide mot ein nullvisjon. Difor legg me opp til ein stor innsats med bygging av nye og sikre vegar, oppsetjing av midtdelarar og andre trafikktryggleikstiltak.

For næringslivet er det viktig med gode transportårer. Varene som vert produserte rundt i landet må raskt og effektivt fram til marknadane, anten dei er Bergen, Barcelona eller Beijing. Difor er det viktig at vogntog kan passere kvarandre utan å stoppe opp. Difor bygger me motorvegar som hindrar kø. Difor er me opptekne av å ha gode hamner og eit flyplassnett som dekker heile landet – viktige bidrag for å skape vekst og å utvikle arbeidsplassar for framtida.

I dei største byane står transportsektoren for over halvparten av klimagassutsleppa, for landet samla sett var snittet 29 prosent i 2008. Utsleppa må ned. Det skal me få til blant anna gjennom storstilt satsing på jernbane, kollektivtransport og sjøtransport – og ved å byggje gang- og sykkelvegar. Vegtrafikk vil likevel alltid måtte stå sentralt i eit land som vårt. Difor vil me også legge til rette for bilar med låge eller ingen utslepp gjennom aktiv bruk av avgiftssystemet, støtteordningar og midlar til forsking aktivt.

Mange ynskjer å framstille norsk samferdselspolitikk som puslete og visjonslaus. Me tek i denne planen tunge løft. 500 km gang- og sykkelvegar, 230 km firefelts motorveg, 142 km ny jernbane, 350 km riksveg får gul midtstripe, 10 milliardar til rassikring, 58 prosnet auke i løyvingane til jernbaneverket, nær 12 milliardar kroner til dobbelspor i Oslo – Ski. Ei slik satsing er både visjonær og framtidsretta.

Regjeringa vil ta heile landet i bruk, skape nye arbeidsplassar, gje folk fridom til å velje kvar dei vil bu og ha levande lokalsamfunn i bygd og by. Nasjonal transportplan er eit viktig steg for å nå desse måla.

LO-Aktuelt nr. 6/2009

Annonse
Annonse