JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Kårar årets nynorskkommune

– Meld din kommune på i konkurransen om å bli årets nynorskkommune 2010, oppmodar kommunal- og regionalminister Liv Signe Navarsete.

Kommunal- og regionalminister Liv Signe Navarsete vil i haust dele ut prisen på 100. 000 kroner til årets nynorskkommune. Ho ynskjer seg ein vinnar som kan vere eit førebilete for andre nynorskkommunar.

– Prisen skal gå til ein kommune som har nynorsk som formell målform og som gjennom aktiv bruk av nynorsk har gjort ein særskild innsats for å fremje nynorsk som skriftmål. Eg vonar mange nynorskkommunar melder seg og er med i konkurransen, seier Navarsete.

Stord kommune vann prisen då den blei delt ut for aller fyrste gong i fjor. (ANB)

Annonse
Annonse