JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Færre arbeidstimar i landbruket

Det blei utført i alt 121,6 millionar timeverk i landbruket i 2006/07 - 8,8 millionar færre enn to år tidlegare.

Av den samla arbeidsinnsatsen blei 111,6 millionar timeverk utførte i jord- og hagebruk, 3,5 millionar i skogbruk og 6,5 millionar i ymse tilleggssnæringar. Innanfor jord- og hagebruk var nedgangen frå 2004/05 til 2006/07 på 8,1 millionar timeverk - eller 4.400 årsverk på 2 år, skriv SSB.

Mykje av nedgangen kan forklarast med nedgangen i talet på jordbruksbedrifter, som i perioden har gått ned med 3.100 einingar. Arbeidsinnsatsen i skogbruket gjekk og ned, medan samla timeverksinnsats i tilleggsnæringane låg om lag på same nivået som 4 år tidlegare.

Mange dreiv tilleggsnæring

40 prosent av dei aktive jordbruksbedriftene dreiv ei eller anna form for tilleggsnæring attåt tradisjonelt landbruk i 2007. Med tilleggsnæring meiner ein i denne samanhengen ein aktivitet som utnyttar areal, bygningar eller maskinar som høyrer til jordbruksbedrifta.

Dei mest utbreidde tilleggsnæringane var leigekøyring, utleige av jakt- og fiskerettar, utleige av driftsbygningar eller våningshus, vidareforedling av skogvirke og camping, hytteutleige og gardsturisme. Samla bruttoinntekt frå tilleggsnæringane var 2,25 milliardar kronar, melder SSB videre.

Annonse
Annonse