JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Debatt

Eit fagleg nei til EU i 2026 

Ved norsk medlemsskap i EU, vil makt og påverknad i viktige saker kome lenger unna oss.

Ved norsk medlemsskap i EU, vil makt og påverknad i viktige saker kome lenger unna oss.

Sissel M. Rasmussen

Dette er et meningsinnlegg. Send inn debattinnlegg til debatt@lomedia.no

Saken oppsummert

Dei mest ihuga i Europabevegelsen og Retning EU seier at det aldri har vore så tunge grunnar for å søke medlemsskap i EU. Men få sluttar seg til frå våre kretsar i fagrørsla.

Formålet med EUs forløpar, Kull- og stålunionen i 1951, var handelssamarbeid. Med Romatraktaten av 1957 vart det ein tollunion og felles marknad der varer, tenester, kapital og arbeidskraft kunne bevege seg fritt.

Formålet om å gjere EU til verdas mest konkurransedyktige økonomi, opp mot USA og Asia, vart forsterka i Lisboa-strategien i 2000.

Euro-LO, Europas sosialsektor- og miljøorganisasjonar kom i ein felles uttale i mars 2006 med denne omtalen av EU: «EUs medlemsland prøver i alt for mange tilfeller å underby hverandre med lavest mulig lønn, de mest fleksible arbeidsforhold, de svakeste arbeiderrettighetene, den laveste sosiale beskyttelsen og den laveste profittbeskatningen.»[1]

I november i fjor kom Euro-LO med ein krass rapport som oppdaterer stoda i medlemslanda kva angår vekst og utvikling. Den viser at arbeidarane får mindre og mindre av det som blir skapt i EU. 

Rollar i folkestyret

Fagrørsla har fleire rollar i folkestyret. Vi forhandlar og bidreg til å sikre velferd for oss alle og at arbeid vert utført forsvarleg. Dei politiske institusjonane i nasjonalstaten og arbeidsgjevarsida er for oss partar der vi får til gode kompromiss mellom arbeid og kapital.

Mitt faglege nei kviler på motstand mot at EUs arbeidslivspolitikk handlar om det motsette, konkurranse mot botnen. At arbeidsfolk skal konkurrere om lågast mogeleg pris og vilkår for arbeidskrafta si.

Alle sin kamp mot alle står i konflikt med organisert arbeidsliv, der ein forhandlar løn og vilkår kollektivt. Vår metode bidreg til mindre sosiale forskjellar og ryddige forhold og halvparten her i landet er med i fagforeiningar.

Når EUs politikk legg opp til å blande lovovreguleringer inn i forhandlingssystemet, særleg gjennom minstelønnsdirektivet, vert vi svakare. Då vert det og dårlegare oppslutning om fagorganisering. 

Deltaking i val etter klasse

Ei anna rolle som særleg vi i LO tek på oss er at folk flest deltek i folkestyret, bruker stemmeretten og vel politikarar som fattar vedtak som treff basisbehova våre som innbyggarar. Ei stemme tel like mykje uansett kor mykje du tener og har i formue.

Ved norsk medlemsskap i EU, vil makt og påverknad i viktige saker kome lenger unna oss. Det kan bli fleire som opplever å ikkje kunne påverke samfunnsutviklinga.

I vala til EU-parlamentet, der norske parti vil få om lag 14 medlemer utifrå folketalet, var det ved siste val i 2024 om lag 50 prosent som deltok.

I stortingsvala våre deltek om lag 80 prosent av dei som har stemmerett, og vi kjem høgt på FNs demokratiindeksar.

Om mange mister trua på stemmesetelen, vil dei som freistar å kjøpe seg politisk innflytelse få meir makt.

I valkampen i fjor såg vi det i stort omfang. Tre kampanjeorganisasjonar finansiert frå næringsliv og arbeidsgivarsida støtta opp om høgresidas valkamp. Deira kampanjar kom med feilaktige påstandar og reknestykke om t.d. skattepolitikken regjeringa har.

I Norge har vi prosessar no som skal regulere aktivitet som gir meir påverknad for dei med pengar, for å unngå svekka demokrati.  

Interessepolitikk via lobbymakt

Institusjonane i EU har vidopne dører for lobbyverksemd. For å halde oversikt og regulere næringsliv likt i eit så stort område som EU er, trengs det store ressursar.

Næringslivslobbyistar kjem ofte inn som «ekspertar» tidleg i politikkutviklinga. Dei tek både kompetanse og sterke pengeinteresser med seg inn i arbeidet.

Når EUs formål og politiske prosjekt er å sikre frie marknader og konkurranse, kan det vi i fagrørsla reknar som viktig arbeidarvern og velferd kome i vegen for konkurranseevna. Det ser vi og i rapporten frå Euro-LO.

Britiske OXFAM kom nyleg med ein viktig rapport om at pengar gir politisk makt.

For fagrørsla er internasjonal solidaritet ein grunnstein

Vi støttar fagleg kamp i andre land. Vi påverkar partia her når det gjeld nasjonal og internasjonal politikk. Eit døme er at tre veker etter at dei tre største byane i Norge hadde «anerkjenn Palestina som stat» 1.mai i 2024, opplevde vi at regjering og storting gjekk inn for saka.

Det er noko tyngre å få slutt på oljefondets investeringar i Israel, tross LOs kongressvedtak og vår bruk av politisk streik i fjor. Men fondets totale portefølje i Israel er redusert frå 61 selskap frå utgangen av juni 2025, til 29 ved utgangen av året.

Den europeiske unionen er organisert etter formålet sitt. Å sikre fri flyt av varer, tenester, kapital og arbeidskraft. Ein konkurranseøkonomi ovanfor resten av verda gir tøffare konkurranse mot botnen, og ikkje eit godt organisert arbeidsliv.

Fagorganiserte i EU-land ber oss stå utanfor og samarbeide over grensene om våre felles formål. Slik kan vi bidra til meir demokrati, fellesskap og solidaritet.

 (Innlegget er redigert ned frå artikkel i Vett 1.26, utgitt av Nei til EU)

Warning