JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Debatt

Kor mykje skal ein eigentleg tåle på jobb?

Ein start for å snu dei krevjande arbeidsforholda til tilsette på bensinstasjonar, er dobbel bemanning på nattevakt, skriv Trine Østereng.

Ein start for å snu dei krevjande arbeidsforholda til tilsette på bensinstasjonar, er dobbel bemanning på nattevakt, skriv Trine Østereng.

Bach Nguyen

Dette er et meningsinnlegg. Send inn debattinnlegg til debatt@lomedia.no
Bensinstasjonar har ikkje berre pølser og softis. For dei som jobbar der, kan det også by på seksuell trakassering eller truslar med sabelkniv.

Statsvitar og rådgivar i tankesmien Agenda

I sommar, då vi var på bilferie og jamleg måtte stoppe på bensinstasjonar for å kjøpe kaffi eller låne toalettet, tok eg meg sjølv i å følge litt ekstra med på dei som stod bak kassa. Er dei fleire på jobb? Ser det ut som dei har det greitt?

Dei siste månadene før ferien hadde eg jobba med eit prosjekt Tankesmien Agenda har hatt med HK Norge, om å kartlegge arbeidsvilkåra på bensinstasjonar i Noreg.

Dette arbeidet har gitt meg ein ny respekt for alle oppgåvene denne yrkesgruppa handterer i løpet av ein dag, men også ei uro rundt korleis dei eigentleg har det.

Noko av det fyrste eg lærte, bortsett frå at det no ikkje lenger heiter bensinstasjon, men energistasjon, var at dette er ein del av norsk arbeidsliv der færre en vanleg er med i ei fagforeining. Det er kanskje ikkje tilfeldig. Det er små arbeidsplassar i privat sektor, og få tilsette møter så mange andre kollegaer i løpet av ei vakt. Det gir svak grobotn for organisering. Det gir også ein fare for at ugreie arbeidsforhold ikkje blir oppdaga.

Som ein del av prosjektet gjennomførte vi ei spørjeundersøking blant HKs medlemer i bransjen. Vi intervjua også ei rekke tillitsvalte som hadde jobba der lenge, i anonymisert versjon, sånn at dei kunne fortelje heilt fritt.

Desse historiene har ikkje blitt ettergått, men det er dei tillitsvalte sine eigne, ufiltrerte forteljingar om eigne erfaringar frå eige yrkesliv. Til saman ga dei eit bilete av eit yrke med låg lønn, mykje åleinearbeid og høg risiko for ubehagelege situasjonar.

Spørjeundersøkinga viste at 44 prosent hadde opplevd særleg utrygge hendingar mens dei var på jobb åleine.

Aktuelt: Ansatte har blitt truet og trakassert om natta: – Alenearbeid bør forbys

Ein gjengangar var at bensinstasjonane blei ein opphaldsstad for folk som ikkje hadde andre stadar å opphalde seg, som rusmisbrukarar eller folk som bur i tilrettelagte bustadar i nærleiken. Fleire av dei vi intervjua fortalte at det er vanleg at det kjem folk i rusa tilstand innom og heng rundt på stasjonen. Det kunne ta mykje tid og energi å følgje med på dei, og det gjekk ut over både tryggleik og rommet for å gjere andre oppgåver.

Mange hadde også opplevd seksuell trakassering. Ein mannleg tillitsvalt fortalte at det ikkje var sjeldan at yngre, kvinnelege kollegaer blei trakassert. Stasjonen hans har tilbod om do og dusj for lastebilsjåførar. «Når unge kollegaer låser opp, kjem det ofte spørsmål om å bli med i dusjen. Ein 17 år gamal kollega skal ikkje måtte høyre dei tinga. Men eg er glad for at vi er to på jobb, for vi prøver å ta tak i det så fort som mogleg», fortalte han i vår samtale.

Ein tredje gjengangar var vald eller trussel om vald. Ein av dei tillitsvalte hadde opplevd å bli trua med pistol, sabelkniv og springkniv gjennom sine tiår på bensinstasjon. Han hadde også blitt banka opp. Ein annan hadde opplevd at det kom inn ein rusa mann med ljå og maske inn på stasjonen.

Ein tillitsvalt fekk meg til å gruble på kva eg hadde gjort i ein tilsvarande situasjon – kva gjer du om ein kunde har smurt avføring utover kundetoalettet og vakta di eigentleg er over?

På ein arbeidsplass der ein er vant med at det kjem innom rusa personar og heng, eller ein er vant med sleivete, seksualiserte kommentarar, og ein er åleine på jobb, blir det vanskeleg for den enkelte som jobbar der å vite kor ein skal setje grensa. Når skal ein ringe politiet? Og kan ein stole på at politiet kjem?

Bensinstasjonar er heilt sentrale for at samfunnet skal gå rundt – bilar treng bensin og straum, og folk treng mat og toalett for å kunne reise på kryss og tvers av landet.

Dei tilsette gjer ein viktig jobb, og dei sjonglerer butikkarbeid med matservering, bilhjelp og reinhald. Men det overordna biletet eg satt igjen med var likevel at dette er ei yrkesgruppe som har vent seg til å leve med mykje ugreitt over tid.

I årets lønnsoppgjer for energistasjonar blei arbeidsgivarane og arbeidstakarane einige om å jobbe for å få opp organiseringsgraden og få betre risikovurderingar rundt åleinearbeid og nattarbeid. Førre veke kom det også eit utval som såg på natt- og åleinearbeid og som vil ha strengare vurderingar av risiko for nettopp åleinearbeid om natta. Det er fornuftig.

Med låge tillegg for nattarbeid, og når reglane gjer det mogleg å la folk stå åleine på stasjonen, kostar det relativt lite for arbeidsgivarane å halde oppe om natta. Men konsekvensane for dei tilsette kan vere store.

Lakmustesten på om ein arbeidsplass er trygg og god, er om folk flest vil at deira eigne barn skal jobbe der. Mitt svar, etter å ha jobba med dette, er eit klart nei. Det sa også ein av dei tillitsvalte i vår samtale.

Ein start for å snu dei krevjande arbeidsforholda til tilsette på bensinstasjonar, er dobbel bemanning på nattevakt.

Det kunne betydd mykje for å gi meir tryggleik til ei gruppe som har vent seg til mykje som ikkje burde vore greitt.

Warning
Annonse
Annonse