JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Debatt

«Norge manglar sjukepleiarar, ein nærmar seg ei krise i mange kommunar»

Eldrebølga er over oss og vil gjennom fleire år krevje mykje helsepersonell, skriv Fagforbundet-medlemmane. (Illustrasjonsfoto)

Eldrebølga er over oss og vil gjennom fleire år krevje mykje helsepersonell, skriv Fagforbundet-medlemmane. (Illustrasjonsfoto)

Colourbox

Dette er et meningsinnlegg. Send inn debattinnlegg til debatt@lomedia.no
Prognosane visar at i 2035 vil ein mangla oppimot 28 000 sjukepleiarar. 

Ein går imot ei stor underdekning av både sjukepleiarar og helsefagarbeidarar. I 2060 vil det vera behov for 618 000 helsefagarbeidarar, i følge SSB sine prognosar.

Når ein ser på helsefagarbeidar og sjukepleiar yrke har ein mykje overlappande kompetanse. Det er då heilt absurd å ikkje anerkjenna at ein som har fagbrev i helsefag skal få poeng for dette når ein søkjer seg inn på sjukepleiarutdanninga.

Kravet til generell studiekompetanse gjer at helsefagarbeidaren ikkje ein gang vert vurdert for inntak, med mindre ein har teke desse ekstra faga. Dette må ein gjera noko med, og det så snart som mogeleg.

Y vegen er løysinga.

Men kva er så Y vegen? Tanken med denne er at dersom ein har fått seg eit fagbrev kan ein søkja relevante utdanningar på høgskule og universitetsnivå, der for eksempel helsefagarbeidaren kan søkje seg direkte inn på sjukepleiarutdanninga. Dette burde vore ein sjølvfølge. Ein får 2 tilleggspoeng for å ta folkehøgskule, og då (burde eit Fagbrev premierast tilsvarande) må ein verkeleg få poeng for eit fagbrev og.

Når ein har fått seg eit fagbrev i helsefag, er dette ei svært solid utdanning. Ein vil i dei næraste åra ha stort behov for alt helsepersonell både helsefagarbeidarar og sjukepleiarar. Difor må me leggja til rette for at ein skal kunne gi fagleg utvikling i form av etter – og vidareutdanning for dei som måtte ynskje dette. Fagskulane er her viktige, men ein må så absolutt i tillegg leggja til rette for relevante utdanningar på høgskule og universitet.

Eldrebølga er over oss og vil gjennom fleire år krevje mykje helsepersonell, det er mangel på sjukepleiarar, er det ikkje då viktig å få gjennom gode helsefagarbeidarar som verkeleg ynskjer å vidareutdanne seg?? Eit meir saumlaust utdanningssystem og betre kompetanseplanlegging er viktige tiltak inn i dette arbeidet med å få kvalifisert helsepersonell i åra som kjem. Det er mange helsefagarbeidarar som har eit ynskje om vidareutdanning, difor er Y vegen er eit svært viktig tiltak framover for å være med på å løyse krisa me står i og vil stå i mange år framover.

Y vegen må realiserast, ein må visa at ein verdsett eit flott fagbrev.

Warning
Annonse
Annonse