JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Debatt

Norske lønns- og arbeidsvilkår på sjøen må på plass no

Norske sjøfolk fortjener handlekraft.

Norske sjøfolk fortjener handlekraft.

Tri Nguyen Dinh

Dette er et meningsinnlegg. Send inn debattinnlegg til debatt@lomedia.no
AUF og Sjømannsforbundet Ung krev at regjeringa prioriterer sjøfolk i norske farvatn og på norsk sokkel.

Leiar av Sjømannsforbundet Ung

Leiar av AUF sitt Skule- arbeid- og boligutval

Dette er ei sak som ikkje berre handlar om rettferd, men om å sikre den norske arbeidslivsmodellen, hindre sosial dumping og gi arbeidstakarar verdige vilkår.

Det er positivt at Arbeidarpartiregjeringa er for desse endringane og at deira satsing på maritim sektor i sitt nye utkast til partiprogram viser eit engasjement for å sikre både arbeidsplassar og berekraft.

Med krav om norske lønns- og arbeidsvilkår i norske farvatn og på sokkelen, styrking av verftspolitikken og satsing på grøn skipsfart, legg partiet grunnlaget for ein rettferdig, konkurransedyktig og berekraftig maritim næring.

Dette er positivt fordi det fremjar rettferd i arbeidslivet, skaper fleire norske arbeidsplassar og gir Noreg ei leiande rolle i den grøne omstillinga internasjonalt.

Vi krever at Arbeiderpartiet ikkje berre vil, men gjennomfører desse endringane. Vi kan ikkje vente til etter valet. Sjøfolk har allereie venta altfor lenge på at regjeringa skal innfri løftet om at norsk lønn skal gjelde i norske farvatn.

EØS-avtalen må ikkje bli ei unnskyldning for å utsette dette viktige arbeidet. Vi forventar at regjeringa står opp for norske arbeidstakarar og nyttar dialogen med ESA til å sikre at forslaget kjem gjennom.

Det verste for det norske arbeidslivet er om ei ny FrP- og Høgre-styrt regjering tar over landet vårt. Da vil desse endringane aldri komme til og norske sjøfolk vil ikkje få den rettferdigheita dei treng. Sist dei styrte nektet dei å innføre dette.

Norsk Sjømannsforbund Ung og AUF meiner det er uakseptabelt at arbeidsgivarsida og motstandarar av forslaget nyttar ESA si vurdering til å undergrave framdrifta i denne saka. ESA har sjølv signalisert at vidare dialog er mogleg, og regjeringa må bruke denne sjansen til å styrke forslaget, ikkje skrinleggje det.

Vi kan ikkje leve med ein situasjon der utanlandske aktørar får urettferdige fordelar medan norske sjøfolk blir sett til side. Dette er ein kamp for rettferd og verdige arbeidsvilkår. AUF og Norsk Sjømannsforbund Ung krev at regjeringa handlar no og viser at dei set norske arbeidstakarar og den norske modellen først.

Dette er ikkje ei sak for framtida, det er ei sak for no. Vi krev handling, ikkje fleire utsetjingar. Norske sjøfolk fortjener handlekraft.

Warning
Annonse
Annonse