JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Debatt

«Spørsmål om partistøtte frå LO»

Om LO-leiinga har ei heilt anna vurdering enn meg på desse spørsmåla, hadde eg satt pris på ein utfyllande dokumentasjon, skriv Terje Kollbotn i sitt ope brev til LO-leiinga v/ leiar Peggy Hessen Følsvik (bildet).

Om LO-leiinga har ei heilt anna vurdering enn meg på desse spørsmåla, hadde eg satt pris på ein utfyllande dokumentasjon, skriv Terje Kollbotn i sitt ope brev til LO-leiinga v/ leiar Peggy Hessen Følsvik (bildet).

Jan-Erik Østlie

Dette er et meningsinnlegg. Det er skribentens mening som kommer til uttrykk. Du kan sende inn kronikker og kronikkinnlegg til FriFagbevegelse på epost til debatt@lomedia.no
Warning
I mai løyve LO sitt representantskap 15 millionar i valkampstøtte til Arbeiderpartiet, 5 millionar til SV og 3 millionar til SP.

Eit knepent fleirtal (67 mot 59) avviste å løyve støtte til Raudt, i tråd med innstillinga frå LO-leiinga.

Spørsmålet mitt er: Kva kriterier la LO-leiinga og fleirtalet representantskapet til grunn for fordelinga mellom dei tre partia som fekk støtte – og ikkje minst avslaget om støtte til Raudt?

Eg har vore tillitsvald på ulike plan i klubbar, fagforeiningar og LO lokalt i over 40 år. I desse åra har eg jobba for å styrke fagrørsla på tvers av partipolitiske skiljer. Fagrørsla bør sjølsagt engasjere seg for å øve politisk påverknad på politiske organ og ulike parti for å få gjennomslag for medlemane sine fellesinteresser. Difor har eg vore imot å løyve pengar til einskilde parti. Desse pengane bør etter mitt syn heller nyttast til å styrke og mobilisere fagrørsla på alle plan for uavhengig fagleg og politisk kamp. Samstundes har eg i kommunestyret i Odda og i fylkestinget gjennom 30 år, saman med medrepresentantar for Raudt (tidlegare Raud Valallianse) etter beste evne forsøkt å fylgje opp fagrørsla sine felles kampsaker.

Sidan LO sitt representantskap likevel gjekk inn for å løyve 23 millionar i partistøtte, vil eg gjerne ha skriftleg svar på kva kriterier LO-leiinga la til grunn for denne fordelinga til partia AP, SP og SV – og spesielt kriteria for å avvise løyving til Raudt?

1. Var det manglande fagleg politikk og arbeidslivspolitikk i det nye arbeidsprogrammet til Raudt?

2. Var det manglande faglege kandidatar på stortingslistene til Raudt?

3. Var det manglande forslag frå Raudt for å styrke faglege og sosiale rettar i kommunestyra, fylkestinga og ikkje minst på Stortinget?

Etter å ha studert dei nye partiprogramma til alle parti, kjem etter mi vurdering Raudt svært godt ut på spørsmål 1. Etter å ha sett gjennom stortingslistene til alle parti, kjem og Raudt godt ut på spørsmål 2 - med mange kandidatar med solide røter i fagrørsla, spesielt innan LO. Når det gjeld spørsmål 3, er Raudt sin partileiar Bjørnar Moxnes truleg den stortingsrepresentanten som i denne stortingsperioden har reist flest forslag som gjeld arbeidslivspolitikk og sosial rettferd. Får Moxnes med seg mange medrepresentantar frå Raudt på Stortinget etter valet til hausten (som gode meiningsmålingar den siste tida kan tyde på) vil dette arbeidet utan tvil bli ytterlegare forsterka.

Om LO-leiinga har ei heilt anna vurdering enn meg på desse spørsmåla, hadde eg satt pris på ein utfyllande dokumentasjon. Eller var det heilt andre kriterier som vart lagt til grunn for å avvise økonomisk støtte til Raudt i LO sitt representantskapsmøte? I so fall krev det ei god forklaring. Det kan jo heller ikkje vere Raudt sine svar på LO sine 54 spørsmåla til alle partia!

Raudt kjempar mot Forskjells-Norge på alle felt i samfunnet. Dei borgarlege partia får store pengegåver frå rikfolk. AP, SP og SV får mange millionar frå LO-medlemane sin kontingent i partistøtte. Raudt vil uansett klare seg med frivillige bidrag frå stadig fleire medlemar og sympatisørar, ikkje minst innan LO. Mange Raudt-representantar på Stortinget etter valet vil uansett vere til stor nytte for å ivareta arbeidsfolk sine interesser.

Med von om snarlege og gode svar frå LO-leiinga!

Annonse
Annonse