JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Debatt

Usant om sykelønn fra Fagforbundets leder

Unio-leiar Ragnhild Lied (til høgre) svarer på påstander frå Fagforbundet-leiar Mette Nord.

Unio-leiar Ragnhild Lied (til høgre) svarer på påstander frå Fagforbundet-leiar Mette Nord.

Nanna Aanes Wolden/Ole Palmstrøm

Dette er et meningsinnlegg. Send inn debattinnlegg til debatt@lomedia.no
Sjukelønnsordninga er like viktig for Unio som for LO, og Unio har aldri gått inn for å svekke den.

I eit intervju med Frifagbevegelse (12.12.24) går Fagforbundet-leiar Mette Nord til frontalangrep på Unio.

Ho påstår at vi står saman med NHO og kjempar for at arbeidsfolk skal få dårlegare vilkår ved sjukdom. Dette er grovt. Og det er usant.

Enten har Mette Nord svært dårleg innsikt i kva som skjedde under IA-forhandlingane. Ho var ikkje til stades. Eller så er det endå verre: Ho snakkar rett og slett usant, og gjer det bevisst.

Sjukelønnsordninga er like viktig for Unio som for LO, og Unio har aldri gått inn for å svekke den. Tvert imot.

Både NHO og LO starta prosessen med å levere kvar sine ultimatum. Posisjonane var fastlåste.

Unio leverte tekstforslag som kunne sikre IA- avtalen og sjukelønna i tre år. Dette ville ikkje alle vere med på.

Å påstå at forsøk på å få til ein treårig avtale øydelegg sjukelønna er direkte tøvete. Urette påstandar blir ikkje rette same kor ofte dei blir gjentatt.

Warning
Annonse
Annonse