Tillitsvalde meiner leiinga ikkje har gjort dei nødvendige drøftingane før tenåringane blei tilsett:
Werner Juvik
15-åringar tilsett ved sjukehus: – Bør ikkje bli utsett for pasientar som ligg og skrik på grunn av smerte
Leiinga har bomma med å plassere så unge der det er sjuke eldre, mener tillitsvalde René Utgaard.
oystein.windstad@fagbladet.no
Leiinga ved Sykehuset i Østfold Kalnes har tilsett seks ungdommar frå 15 til 17 år til å jobbe som driftspersonell ved geriatrisk døgnpost.
Dei skal ikkje delta i behandling av pasientar, men blant anna fylle opp skap og skuffer med utstyr, vaske rom og anna logistikkarbeid, skriv Sykepleien.
Ungdommane går vakter som sommar- og ekstrajobb. Tilsetjingane er eit prøveprosjekt fram mot vinteren.
– 15-åring bør ikkje sjå nokon som kanskje dør
René Utgaard er føretakstillitsvald for Fagforbundet meiner dei unge vil møte på eldre og sjuke pasientar:
– Dette er veldig lite gjennomtenkt. Ikkje fordi det er 15- og 16-åringar. Om me hadde plassert dei til å ta imot varer i kjellaren er det ein ting. Dei har bomma med å tilsette ungdommane på geriatrisk sengepost. Det ligg sjuke eldre menneske også på korridor. Sjuke pasientar ser ikkje om du er 15 eller 22 i sjukehusuniform. Ser dei deg i uniform, grip dei tak i deg, seier Utgaard og legg til:
– Ein 15-åring bør ikkje bli utsett for å sjå nokon som ligg og skrik på grunn av smerte og som kanskje døyr. Vi skal ikkje utsette barn for noko som kan føre til potensielt psykisk traume, meiner han.
René Utgaard er føretakstillitsvald for Fagforbundet ved Sykehuset Østfold Kalnes og håpar leiinga snur.
Privat
Etterlyser drøfting
Tillitsvalde frå Sykepleierforbundet, Delta og Fagforbundet meiner leiinga ikkje har gjort dei nødvendige drøftingane før tenåringane blei tilsett:
– Sjukehuset svarer at dei har vore i dialog med tillitsvalde. Den har vore veldig vag og i bestefall med ein plasstillitsvald som ikkje har drøfterett. Ingen frikjøpte har blitt kontakta, seier Utgaard til Fagbladet. Han peikar på at fleire vaksne tilsette bør få full jobb:
– Vi har vaksne familiefolk som ikkje får fulle stillingar. Om alle hadde fått den stillingsprosenten dei ønsker, har ikkje eg eit problem med at ungdom kan få prøve seg. Eksempelvis på lager i kjellaren. Men, ikkje i spesialhelsetenesta.
Leiinga avviser kritikken
Astrid Eri-Montsma er avdelingsleiar ved geriatrisk sengepost ved Sykehuset Østfold Kalnes. I eit intervju med VG avviser ho at dei unge kjem tett på pasientane:
– Det er eg ueinig i. Vi har vore svært tydelege med ungdomane og anna personell. Eg kan ikkje seie at det har vore noko risiko. I tillegg ligg det svært få pasientar på gangen, fortel ho i eit intervju med VG laurdag. Avdelingsleiaren seier dette om drøfting med tillitsvalde:
– Vi har snakka med dei lokale tillitsvalde på avdelinga. Vi tenkte ikkje at det var nødvendig når dei jobba i tillegg til dei faste tilsette, seier Eri-Montsma.
– Ei moglegheit vi greip
Avdelingsleiaren seier til Sykepleien at jobbinga kan vere ein veg inn i arbeidslivet:
– Sommarjobb og ekstrajobb for elevar er ein flott måte å bli kjent med ulike delar av arbeidslivet på. Då vi høyrde at det er utfordrande for ungdom å finne sommarjobb, såg vi geriatrisk avdeling som ei moglegheit som vi greip tak i, seier ho via sjukehuset si kommunikasjonsavdeling til Sykepleien.no. Ho fortel vidare at dei unge har ei fast liste med oppgåver dei skal igjennom. Eksempelvis lagerarbeid, påfylling av forbruksvarer, reinhald og desinfisering. Dei har arbeidsuniform og nøkkelkort.
Mest lest
Arne Birkemo
Avdekket mareritt på Stavanger-restaurant: – Det verste jeg har sett
Tormod Ytrehus
Lønnsoppgjøret 2023 er i gang: Dette krever LO
Gravemaskinfører Jørgen Reinskås vil sette lys på saken sin så andre slipper å oppleve det samme.
Tone Tveit
Jørgen (70) ble filleristet i gravemaskinen, men får småpenger i erstatning
– Årets lønnsforhandlinger blir vanskelige, tror LO-lederen.
Leif Martin Kirknes
LO forbereder storstreik: Dette kravet må innfris
IKKE SETT PÅ MAKEN: Distriktssekretær i EL og IT Nordland, Ulf Iversen, sier han ikke har sett maken på sine 40 år som tillitsvalgt og ansatt i distriktet. – Hadde ikke trodd det var mulig, sier han.
Knut Viggen
Hovedtillitsvalgt utestengt og oppsagt: – Hadde ikke trodd at dette var mulig
Frøydis Falch Urbye
Skal du jobbe i påska? Her er rettighetene dine
Håvard Sæbø
Her skrur de ansatte av lysene i lunsjpausen for å spare strøm
Selv om det er mørke tall for befolkningen i Nord-Norge, tror fylkesdirektør Kristin Røymo i Nav troms og Finnmark at det finnes løsninger for bedre framtidsutsikter.
Guro Gulstuen Nordhagen
Unge arbeidstakere forlater Nord-Norge: – Åpenbart at det krever endring
Brian Cliff Olguin
LO-lederen angriper Wolt: – Hører ikke hjemme i norsk arbeidsliv
Raudt-politikarane Mímir Kristjánsson på Stortinget og Siavash Mobasheri i bystyret i Oslo.
Tormod Ytrehus
Raudt truar med å ta frå Olivia-restaurantane skjenkebevillinga
Henrikke Tresselt (49), barnepleier på Rikshospitalet.
Jan-Erik Østlie
Henrikke vil bli sykepleier, men 22 års erfaring teller ikke
Å smelte glassfiber krever mye varme. Energiforbruket til 3B Fibreglass Norway på Birkeland tilsvarer det 8.000 husstander bruker i året. Strømprisene gjør det billigere å bruke propan enn ren elektrisk strøm.
Tormod Ytrehus
Femdobling av strømutgiften kan knekke sørlandsbedrift
Et passasjertog kolliderte med et møtende godstog i Hellas natt til 1. mars. 57 ble drept og flere titalls passasjerer ble skadet.
Vaggelis Kousioras / AP / NTB
Det greske raseriet: Jernbaneulykken var en ventet katastrofe
LO bidrar til å spre jødehat, mener Torkel Brekke, professor ved OsloMet. – Nei, det gjør vi slett ikke, svarer Liv Tørres, leder av LOs internasjonale avdeling.
CF-Wesenberg/kolonihaven.no og Sissel M. Rasmussen
Professor mener LOs Israel-boikott sprer hat mot jøder
Brian Cliff Olguin
Fagforeningsleder Ole-Jacob mener han har trampa inn i en 30 år gammel konflikt
Berit Roald / NTB
Nav vet fortsatt ikke hvor mange som mistet AAP i et helt år
Partileder Jonas Gahr Støre før sin landsmøtetale i 2021. (Arkiv).
Ole Berg-Rusten / POOL / NTB
Kan bli trygdeoppgjør i Arbeiderpartiet
LABBEN: I godt over 18 år har Røhmesmo jobbet på labben i bedriften. Det har gjort at han sluttet med skiftarbeid - et arbeid som ofte henger sammen med helseplager og tidlig avgang.
Petter Pettersen
Vil ha seniorer som Ole Martin (64) lenger i jobb: – De har en unik kompetanse
Finansminister Elisabeth Svantesson (Moderaterna) etter møtet med Axfood, Ica og Coop angående de høye prisøkningene, 21. mars 2023.
Pontus Lundahl / TT / NTB
Finansminister provosert av bonuser i dagligvarebransjen
– Det er overraskende at utbetalingene holder seg så høyt, sett i lys av den tiden vi er i, sier økonomisk rådgiver i Simployer, Espen Øren.
Brian Cliff Olguin