Møtast i ny rettssak
194 omsorgsarbeidarar krevjer etterbetaling av feriepengar
Stendi og 90 Fagforbundet-medlemmar møtast i retten onsdag. Til saman krevjer 194 noverande og tidlegare omsorgsarbeidarar store summer frå omsorgsselskapet.
Kjetil Edvardsen er advokat for Fagforbundet. Han vant den forrige saka han førte for Fagforbundet. Der blei Stendi dømt til at innleigde sjølvstendig næringsdrivande medlemmar eigentleg skulle ha vore fast tilsette. Stendi måtte etterbetale fleire millionar til medlemmane som retten meinte skulle hatt fast jobb.
Werner Juvik
oystein.windstad@fagbladet.no
Onsdag og torsdag denne veka møtast Fagforbundet og det kommersielle velferdsselskapet Stendi i Oslo tingrett.
Tidlegare vann fleire Fagforbundet-medlemmar ei sak der retten meiner dei skulle ha vore fast tilsett og ikkje innleigde næringsdrivande.
Etter at desse 24 saksøkarane vann fram, gjekk 90 andre Fagforbundet-medlemmer til sak mot Stendi med liknande krav:
– Dette er ein omkamp der Stendi er ueinig med det lagmannsretten kom fram til sist. Det dreier seg om krav om feriepengar som er eldre enn tre år er forelda, eller ikkje, seier Kjetil Edvardsen som er advokat for Fagforbundet i saka. I tillegg til dei 90 medlemmane, har 104 andre arbeidstakarar blitt ein del av søksmålet.
Krava i den nye rettssaka kjem an på kor lenge folk har jobba som innleigde:
– For nokon kan dette dreie seg om over ein halv million kroner, for andre kan det dreie seg om mindre. Det er stor variasjon. Det er avhengig av kor lenge dei har jobba der, seier Edvardsen til Fagbladet.
Stendi opplyser via deira pressekontakt Kristin Øyen at dei ikkje ønsker å kommentere ein rettsprosess som er i gang.