JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Strid om arbeidarboliger

Anne-Lise kan bli tvungen til å selje heimen sin. Det skulle være ein billig bustad for fagorganiserte

Eit søksmål frå ei fagforeining kan gjere at Anne-Lise Vang blir tvinga til å selje heimen sin for rundt 300.000 kroner. Naboen, som har lik leilegheit, vil få rundt tre millionar kroner.
FLYTTE: Anne-Lise Vang er ein av 100 som bur i Trikkebyen i Bergen. Ei rettssak kan føre til at alle må flytte får heimane sine.

FLYTTE: Anne-Lise Vang er ein av 100 som bur i Trikkebyen i Bergen. Ei rettssak kan føre til at alle må flytte får heimane sine.

Eivind Senneset

19.06.2022
14:00
20.06.2022 10:17

oystein.windstad@fagbladet.no

Anne-Lise Vang er 55 prosent ufør, utdanna lektor og har prosjektjobb ut juni. Ho bur sentralt i Bergen i ei leilegheit ho eig og ønsker å pusse opp.

– Eg veit verkeleg ikkje korleis det skal gå. Ikkje berre må eg ut av heimen min, men eg anar ikkje korleis eg skal få det til å gå rundt. Eg trur det blir økonomisk ruin, seier Vang.

Ho og rundt 50 andre i arbeidarleilegheitene i Trikkebyen er i same situasjon. Dei eig leilegheiter til ein estimert verdi frå to–tre millionar og oppover, men risikerer å sitte igjen med berre 10 prosent av salssummen. Og dei kan bli tvinga til å både selje og flytte om dei taper i retten i haust.

MILLIONAR: Dette er eit av bygga i Trikkebyen som ligg på hippe Møhlenpris i Bergen. Den planlagde rettssaka som vil avgjere kven som har krav på verdiane i bygga skal etter plana starte i slutten av oktober.

MILLIONAR: Dette er eit av bygga i Trikkebyen som ligg på hippe Møhlenpris i Bergen. Den planlagde rettssaka som vil avgjere kven som har krav på verdiane i bygga skal etter plana starte i slutten av oktober.

Evind Senneset

Pensjonist: – Tek frå meg nattesøvnen

Det bur rundt hundre i arbeidarbustadane. Fleire er pensjonistar med avgrensa økonomi. Som «Maria»:

– Eg er gift med ein mann som blei ufør og me sette pengane inn her. Berre badet kosta 100.000 kroner. Me har pussa ordentleg opp, sett inn peis og får ingen ting. Dette tek frå meg nattesøvn, fortel ho.

Ho vil ikkje stå fram med fullt namn på grunn av konflikten som har gått fleire rundar i retten sidan 2013.

– Me har ikkje noko pengar i bakhand og ikkje råd til å kjøpe nytt.

Både «Maria» og Vang er av dei rundt 50 som kan gå frå å eige leilegheiter verdt fleire millionar i Bergen sentrum, til å bli tvinga til å selje. Og måtte gje frå seg 90 prosent av verdien av salssummen.

DÅRLEG SØVN: «Maria» fortel at ho og den uføre ikkje vil ha råd til å kjøpe ein ny heim. Og at det blir vanskeleg for dei to å måtte leite etter ein plass å leie.

DÅRLEG SØVN: «Maria» fortel at ho og den uføre ikkje vil ha råd til å kjøpe ein ny heim. Og at det blir vanskeleg for dei to å måtte leite etter ein plass å leie.

Eivind Senneset

– Vanskeleg psykisk

Stridens kjerne er kven som skal få verdiar frå 110 leilegheiter på Møhlenpris. Dei blei bygd på starten av 1900-talet for å gje billige bustader til fagorganiserte som jobba med trikk. I dag er det rift om kven som har krav på kva.

Bergen Sporveisfunksjonærers foreining krev 15 prosent av verdiane frå dei to bygardane. Bergen Sporveisfunksjonærers byggeselskap, som er styrt av bebuarane, meiner den saksøkande fagforeininga ikkje har krav på noko pengar.

«Maria» er kritisk til at hennar eiga fagforeining går til sak:

– Det verkar ikkje riktig. Du føler du har vore med i foreininga og gjort ting riktig. Dei gjer noko mot oss som er vanskeleg psykisk. Den uvissa som følger med, er veldig vond, fortel «Maria», som har vore medlem i Bergen Sporveisfunksjonærers foreining i over 40 år.

– Må leie resten av livet

Anne-Lise Vang fortel at ho har ei årleg inntekt på 215.000 kroner etter skatt:

– Det er nesten umogleg for meg å kjøpe nytt. I og med at eg er 55 prosent ufør kan eg berre gløyme fellesgjeld, husleige og lån. No betalar eg 3500 i månaden for å bu her. Den summen er det berre å gløyme om eg må flytte, seier Vang. Ho og «Maria» er av dei rundt 50 som vil kome i ein vanskeleg situasjon om fagforeininga vinn i retten og det blir tvangssal.

VANSKELEG: Anne-Lise Vang seier ho aldri vil kunne eige eigen bustad igjen om ho blir tvinga til å selje leilegheita. Ho vil gå glipp av 90 prosent av verdien av leilegheita, grunna tilfelle.

VANSKELEG: Anne-Lise Vang seier ho aldri vil kunne eige eigen bustad igjen om ho blir tvinga til å selje leilegheita. Ho vil gå glipp av 90 prosent av verdien av leilegheita, grunna tilfelle.

Eivind Senneset

Halvparten vakna som millionærar

Dei 50 andre bebuarane vil sitte igjen med fleire millionar. Og kven av dei i Trikkebyen som blir millionærar eller ikkje, er tilfeldig:

– Eg blir matt og sliten. Eg kan ikkje investere noko i dette og leilegheita forfell. Eg vil sitte igjen med 300.000 og naboen som har lik leilegheit vil få tre millionar kroner. Det er rett og slett flaks og uflaks kven som fekk A- eller B-aksjar. Då blir uretten endå større.

– Kva tenkjer du om balansen mellom kravet til foreininga og bebuarane?

– For meg er fagforeining solidaritet. Det å sette folk på gata er så langt frå solidaritet du kan kome, seier Anne-Lise Vang.

Rente: SSB varsler flere raske renteøkninger. Kan føre til en boliglånsrente på 4 prosent

Bebuar og styremedlem: – Kastar eigne pensjonerte medlemmer på gata

– Sporveisforeningen har verken krav på pengar eller ein rett til å krevje leilegheitene seld, seier bebuar og styremedlem Mariann Fossum.

Ho seier det er umogleg å betale 17 millionar til fagforeininga.

– Det er pengar me ikkje har lovleg moglegheit til å legge på bordet. Det siste alternativet var å gå rundt og spørje om folk kunne tenkje seg å gje foreininga ei gåve. Då var det i overkant fem millionar som låg på bordet. Det takka foreininga nei til. I staden vel dei å saksøke folka som bur her for tredje eller fjerde gong, seier styremedlem Fossum.

JAMNE UT: Carl-Åke Karlsson og Mariann Fossum seier at om dei vinn fram vil dei fjerne forskjellane: -Me ønsker at A- og B-aksjonærar skal få like mykje ved sal.

JAMNE UT: Carl-Åke Karlsson og Mariann Fossum seier at om dei vinn fram vil dei fjerne forskjellane: -Me ønsker at A- og B-aksjonærar skal få like mykje ved sal.

Eivind Senneset

– Kastar folk på gata

– Om me skal sjå frå foreininga sin ståstad: Dei tenkjer at dei eig ein viss andel og den har dei krav på?

– Prisen dei er villig til å betale for å få tak i dei pengane, er hundre folk på gata, seier Fossum.

Ho fortel at dei ønska å tilby ti tomme leilegheiter til fagforeininga som oppgjer. Det set lova ein stoppar for, fordi organisasjonar ikkje kan eige burettar. Foreininga kunne få eit tomt næringslokale, men takka nei.

– Skal ikkje generere pengar

Ho er kritisk til situasjonen «Maria» og andre eldre B-aksjonærar kan hamne i om fagforeininga vinn rettssaka.

– Dei er ei LO-foreining som skal halde på med løns- og arbeidsvilkår for folk. Dette er ikkje eit aksjeselskap som skal generere pengar. Det skal sørge for at folk har ein stad å bu. Det er heilt uverkeleg for meg det dei held på med, seier Fossum, som er Fagforbundet-medlem og tillitsvalt i Blindeforbundet.

Om bustadselskapet vinn fram, vil dei jamne ut forskjellane og at A- og B-aksjonærane skal få like mykje ved sal, ifølgje Fossum.

– Katastrofal situasjon

Pensjonerte Carl-Åke Karlsson er ein av 13 som både er medlem i Bergen Sporveisfunksjonærers foreining og bur i Trikkebyen. Han er kritisk til eiga fagforeining.

– Det blir ein katastrofal situasjon for B-aksjonærane. Dei som har budd her heile livet får beina sine slått under. Dei må finne seg eit nytt område og nye kontaktar. Det blir ikkje lett for dei å finne seg ei ny plass å bu, seier den tidlegare mekanikaren i Bergen sporvegar. Han peikar au på at det er bebuarane som har dekka alle utgifter og vedlikehald av Trikkebyen.

Falske boligannonser: Denne leiligheten ligger ute til leie på Facebook. Problemet er at det allerede bor noen der

Fakta: Korleis er alt dette mogleg?

Historia om Trikkebyen er ein svært sjeldan og innvikla konflikt. Fram til 2011 trudde alle som budde i Trikkebyen at dei leigde. Halvparten av dei vakna ein dag som millionærar. Korfor?

Trikkebyen er eit bustadaksjeselskap. Husa blei bygd etter initiativ frå fagforeininga til trikkearbeidarane, Bergen Sporveisfunksjonærers foreining. Fagforeininga oppretta eit byggeselskap, som i dag er styrt av bebuarane og ikkje fagforeininga lenger. Folk fekk burett og flytte inn ved å kjøpe ein A- eller B-aksje i A/S Bergens Sporveisfunksjonærers Byggeselskap, til ein pris frå 10 til 2000 kroner. Det gav burett. Om dei flytta, selde dei aksjen tilbake til styret i selskapet til same pris – det sto i vedtektene til selskapet.

Eivind Senneset

Etter kvart som nye flytta inn, vart det tilfeldig kven som fekk A- eller B-aksje. I takt med at det blei færre sporveisfunksjonærar fordi det blei slutt med trikk i Bergen, blei det opna for at folk som ikkje var medlem au kunne kjøpe aksje, flytte inn og «låne» leilegheit i Trikkebyen.

Fagforeining krev 15 prosent

I ei gransking for byggeselskapet i 2011, kom advokat Hogne Sandanger fram til at bebuarane i Trikkebyen juridisk sett var eigarar, og kunne selje leilegheitene fritt til marknadspris. Vedtektspunktet om at aksjane måtte tilbake til selskapet ved flytting, var ulovleg. Då blei det konflikt.

Konflikten skyldas mellom anna at Bergen Sporveisfunksjonæreres foreining, som eig 15 prosent av aksjane i byggeselskapet, men ingen burett, krev sin del av verdiane frå Trikkebyen.

I 2020 slo retten fast at Sandanger hadde rett: Bebuarane er eigarar og kan selje leilegheitene til marknadspris.

Konklusjonen: Dei 110 leilegheitene i Trikkebyen vart i 2018 taksert til ein samla verdi på 230 millionar kroner. Alle i Trikkebyen har altså betalt mellom 10 og 2000 kroner for ei leilegheit med millionverdi.

Uro i økonomien: Mange nordmenn vil få det tøffere økonomisk framover, varsler Støre

Sporveisforeininga: – Ønskjer ikkje å tvinge bebuarar til å flytte

– Om kvar av bebuarane hadde betalt 100.000-300.000 til foreininga, hadde saka vore løyst, seier Morten Ulevik, tidlegare leiar i Bergen Sporveisfunksjonærers foreining.

– Me håpar på eit forlik. Det er ikkje ei ønskesituasjon med oppløsningssak og det er ikkje eit ønske om å tvinge bebuarar til å flytte. Denne saka kunne ha vore løyst enkelt. Om kvar av bebuarane hadde betalt 100.000-300.000 til foreininga, hadde saka vore løyst, seier Morten Ulevik.

Som tidlegare leiar i Bergen Sporveisfunksjonærers foreining har han vore med på saka i fleire rundar. Han peikar på at foreininga fekk Trikkebyen bygd, og har eit ansvar for medlemmane.

– Me har som foreining eit ansvar overfor våre 300 medlemmar. Me kan ikkje berre ettergje 15 prosent i eit stort byggeselskap som blei taksert til 230 millionar, seier Ulevik.

UEINIG: Morten Ulevik er tidlegare styreleiar i Bergen sporveisfunksjonærers foreining. Han meiner at det er rett og rimeleg at foreininga skal få sin andel av verdiane i Trikkebyen. Foreininga eig 15 prosent av aksjane i selskapet som er vurdert til å vere verdt over 200 millionar kroner: – Me kan ikkje berre gje frå millionverdiar som me har krav på.

UEINIG: Morten Ulevik er tidlegare styreleiar i Bergen sporveisfunksjonærers foreining. Han meiner at det er rett og rimeleg at foreininga skal få sin andel av verdiane i Trikkebyen. Foreininga eig 15 prosent av aksjane i selskapet som er vurdert til å vere verdt over 200 millionar kroner: – Me kan ikkje berre gje frå millionverdiar som me har krav på.

Eivind Senneset

Står på kravet

– Mariann Fossum og styret i byggeselskapet meiner at de ikkje har noko rett på verdiane i bygga og bør droppe kravet?

– Dette er arven etter foreininga og medlemmene. Det blir veldig feil at me skal gje frå oss ein del av denne arva. Samtidig om du snur andre vegen: Er det rett at nokon som ikkje har hatt noko med foreininga å gjere skal sitte igjen med 2,5 millionar? Utan å ha løfta ein finger?

Ønsker møte

Ulevik seier det var uaktuelt å ta i mot fem millionar kroner:

– Tenk deg styret i foreininga. Det ligg ein voldgiftsdom av dei dyktigaste ekspertar i landet som fastsette verdien til 17 millionar kroner. Og om me då aksepterer fem millionar, korleis trur du reaksjonane ville ha vore då? Me har foreslått skriftleg om det gjekk an å gje oss nokre ledige leilegheiter i tillegg til dei fem millionane. Det fekk me aldri svar på, seier Ulevik.

Han fortel vidare at fagforeininga inviterte byggeselskapet til diskusjonar om løysing i april, utan å få svar.

– Beklageleg

Ulevik seier han syns det er leit at bebuarar som «Maria» føler seg utrygge:

– Det er beklageleg. Som ei foreining innan arbeidslivet ser me menneske. Det er derfor me heile tida har ønska å ta vare på dei. Eg må sjå menneska der nede og verdiane som foreininga sit i, seier Ulevik.

Han og foreininga er klare til å innkalle til ekstraordinært årsmøte om det kjem eit nytt tilbod. Og for å ta stilling til eit eventuelt beløp under 17 millionar kroner.

– Foreininga har ikkje ansvaret åleine

– Fossum og andre bebuarar meiner at de kastar eigne pensjonistmedlemmer på gata?

– Eg føler utfallet ikkje berre kviler på foreininga, men au dei bebuarane som eigentleg er i ein heldig situasjon. Alle andre må låne 2,5 millionar for å kjøpe ei leilegheit. Om folk skal ta til seg verdiar, vil foreininga som eig 15 prosent vere med au. Bebuarane og spesielt B-aksjonærane burde vere interessert i ei løysing. Foreininga har ikkje ansvaret åleine om det blir tvangsoppløysing. Dette er som eit dårleg arveoppgjer, seier Ulevik. Den planlagde rettssaka skal starte i slutten av oktober.

Men kven skal få pengane?

Bustadselskapet har til saman 665 aksjar. 50 bebuarar eig ti aksjar kvar. (A-aksjonærar). 50 andre bebuarar eig ei aksje kvar (B-aksjonærar). Sjølve bustadselskapet eig ti aksjar. Fagforeininga eig 100 aksjar. Bebuarane eig aksjar med burett. Bergen Sporveisfunksjonærers foreining, som er ein del av Fagforbundet, eig aksjar utan burett.

Men foreininga har altså eigarinteresse på vegner av fleire enn berre bebuarane – av dei 300 medlemmane bur 19 i Trikkebyen.

I januar 2022 tok foreininga ut eit søksmål som skal opp i retten i oktober. Fagforeininga krev at bustadselskapet tvangsoppløysast. Dei meiner det ikkje er rett at bebuarar kan selje leilegheiter og få millionar, medan fagforeininga ikkje får noko.

Pengeinnsamling eller sal

Bergen Sporveiersfunskjonærers foreining er ein del av Fagforbundet og LO. Vinn fagforeininga i retten, betyr det i praksis at alle leilegheitene må seljast. Bebuarane vil bli kjøpt ut – halvparten (A-aksjeeigarane) får full pris, medan resten (B-aksjeeigarane) får 10 prosent.

Det kan vere at bebuarane vil få tilbod om å fortsette å bu der mot å betale marknadsleige. Det blir over det dobbelte av det dei betaler i fellesutgifter i dag. Det kan også hende at alle som bur der må flytte etter at dei har blitt kjøpt ut.

Fagforeiningas første krav var eigentleg 17 millionar kroner som sin del av aksjeverdien i selskapet. Skal foreininga få pengar, må bebuarane anten samle inn pengar og kjøpe dei ut, eller leilegheiter må seljast. Om partane ikkje blir einige, blir det ei ny runde i retten 31. oktober.

Dette er trikkeby-konflikten:

• Bergen Sporveifunksjonærers foreining startar Bergen Sporveisfunksjonærers byggeselskap i 1913.

• Bygginga av Trikkebyen startar i 1914 og begge bygardane er ferdige i 1924.

• I 1917 får fagforeininga 15 prosent av aksjane til byggeselskapet i gåve.

• I 2003 blir det opna for at folk som ikkje er medlemmar i fagforeininga til sporveisfunksjonærane kan eige aksjar i selskapet.

• Som ei følgje av endringar i likningslova i 2010 engasjerte byggeselskapet advokat for å klargjera at bebuarane ikkje eig leilegheitene i skattemessig omsyn. Advokaten kjem i 2011 derimot fram til at bebuarane faktisk eig leilegheitene, og at vedtektene må endrast.

• I 2013 endrar byggeselskapet vedtektene: Frå no av kan aksjonærar med burett selje aksjane – og altså leilegheita dei gjev burett til – på den frie marknaden. Same år tek Bergen Sporveisfunksjonærers foreining ut det første søksmålet mot byggeselskapet. Dette skjer i samband med at bebuarane startar å selje leilegheitene. Fagforeininga, som eig 15 prosent av aksjane i byggeselskapet, men ingen burettar, krev å få verdiar frå sal.

• I 2015 kom Gulating lagmannsrett fram til fagforeininga hadde krav på verdiar ved sal av leilegheiter.

• I 2016–2020 ønska eigedomsselskapet Daimyo å kjøpe Trikkebyen.

• Daimyo tilbydde bebuarar som ville selje til dei ein signeringsbonus på mellom 50.000 og 250.000, mellom anna med krav om at dei stemte for sal på generalforsamlinga i selskapet. «Kuppforsøk» og «djupt umoralsk», meiner bustadselskapet, og nye advokatrundar er i gang.

• Etter ein voldgiftsdom i 2017, i kjølvatnet av lagmannsrettsdommen frå 2015, kjem ein opsjonsavtale på plass: Bebuarane skal kjøpe ut fagforeininga for 17 millionar kroner. Styret i byggeselskapet vedtek å gjera det, men «Daimyo-fraksjonen» blant bebuarane går til sak for å stoppe utkjøpet. Opsjonsavtalen blei utsett på grunn av søksmålet, og byggeselskapet meiner no tidsfristen for avtalen har gått ut.

• I desember 2020 avslår høgsterett ei anke frå «Daimyo-fraksjonen». Daimyo gir opp å overta Trikkebyen.

• Hausten 2021 blir fleire leilegheiter seld.

• I januar 2022 tek fagforeininga ut eit nytt søksmål mot byggeselskapet. No er kravet at selskapet tvangsoppløysast.

• rettssaka skal starte i oktober 2022.

Dette er Trikkebyen på Møhlenpris

• 110 leilegheiter på Møhlenpris i Bergen bygd mellom 1914 og 1924.

• Første byggetrinn i 1914 blei bygd etter initiativ frå Bergen Sporveisfunksjonærers foreining.

• Formålet var å gje fagorganiserte arbeidarar rimelege leilegheiter.

• Fagforeininga starta eit bustadaksjeselskap som stod for utbygging og som eig bygga.

• I dag eig Bergen Sporveisfunksjonærers foreining 15 prosent av Bergens Sporveisfunksjonærers byggeselskap. 85 prosent av aksjane er eigd av bebuarane.

• Her ligg konflikten: Har bebuarane krav på alt når leilegheiter blir seld, eller har fagforeininga gjennom sine aksjar krav på 15 prosent av dei samla verdiane i Trikkebyen?

• Den samla verdien av leilegheitene i Trikkebyen er i dag antatt å vera verdt mellom 230-300 millionar kroner.

• Frå hausten 2021 til i dag er det seld 14 leilegheiter. Prisen har variert frå 1,5 til 3 millionar kr.

19.06.2022
14:00
20.06.2022 10:17