Skattelister
Hege vil ha innsyn i kva milliardærar faktisk tener
Mens barnehagepedagogen i 17 år har trøysta, kledd på og heldt barnehender, har ho sett ei lita gruppe bli milliardærar på barnehage. No vil ho vite kor mykje pengar eigarane av kommersiell barnehage faktisk har tent.
Hege er i permisjon frå jobben som barnehagelærar. No vil ho at du skal få vite kva dei som har blitt milliardærar på barnehage faktisk har i formue.
Ihne Pedersen
oystein.windstad@fagbladet.no
I fjor haust gjekk Hege Bae Nyholt frå å snakke med ungar på morgonsamling, til å snakke frå Stortinget sin talarstol.
No vil ho og Rødt gjere noko med at det er vanskeleg å få vite kva folk tener og har i formue.
Fagbladet skreiv nyleg om korleis fleire eigarar av dei største kommersielle barnehagekjedene har tent milliardar. Dette kjem fram i søk i skattelistene.
Kommentar: «Vi må få mer åpne og lettere tilgjengelige skattelister»
Vil at du skal få milliard-innsyn
Det har blitt vesentleg mindre søk i skattelistene etter at dei som blir søkt på, får varsel om kven som har søkt.
Rødt kjem med forslag om at du igjen skal kunne søke anonymt i skattelistene. I tillegg vil dei du skal kunne få vite mykje meir enn før:
– Det er ikkje full openheit om skatt og dei tala som står der representerer ikkje den ekte inntekta eller formuen. Det er eit demokratisk problem at det ikkje er full openheit om skatten. Vi vil at informasjonen frå skattemeldinga skal bli meir tilgjengeleg og forståeleg. For folk som meg som ikkje er noko racer i matte, seier stortingsrepresentanten.
Mye lest: De avgjorde din nye lønn. Se hva toppene i arbeidslivet tjener
Til vanleg jobbar Hege Bae Nyholt i Sjetten barnehage i Trondheim. No er ho ein av åtte stortingsrepresentantar for Rødt.
Leif Martin Kirknes
Skattemeldinga viser ikkje alt
Ho viser til at det ikkje står den fulle inntekta til folk i skattemeldinga. Det er inntekt etter diverse frådrag. Og skattemeldinga viser ikkje kor mykje folk faktisk har i formue.
Blant anna skriv Nettavisen og Kapital at faren og sonen som eig lakseselskapet Salmar har 30 milliardar meir i formue enn skattetala viser.
Nyholt er kritisk til at det er avdekt ukjente eigarar av selskap i barnevernet:
– I barnevernssektoren veit vi ikkje kven som eig selskapa. Det er problematisk av fleire grunnar. Det er fellesskapets pengar som brukast til barn og familiar som treng det. Då bør vi vite kven som er i andre enden.
– Og det bør vi vite når det går gale. Kven har ansvaret? Vi veit ikkje nødvendigvis kven som eig selskap som opererer i Norge. Vi bruker mykje av våre skatteinntekter til å kjøpe plass i kommersielle velferdstenester som barnevern eller barnehage, seier barnehagepedagogen.
Mye delt: Slik unngår barnevernmilliardærene regjeringens innstramminger
– Eit demokratisk problem
Nyholt er kritisk til at folk ikkje får vite i detalj kor fellesskapet sine pengar ender:
– Når vi brukar av fellesskapet sine midlar til å kjøpe tenester for det offentlege, er det eit problem at vi ikkje har fullt innsyn i kva Sundby-ekteparet eller Adolfsen-brørne (eigarar av barnehage-kjeder red.anm) faktisk tener eller eig, seier Nyholt.
– Kva med dei som meiner at det eg tener har ingen andre noko med å kunne søke opp?
– Det kan du ikkje seie om du har tent og spart pengar ved å drifte barnehagar. Det er ikkje ei privatsak. Eg trur vi har meir å tene på eit gjennomsiktig samfunn enn det motsette, seier Nyholt. Ho viser til at kollegaene hennar i barnehagane er opne om kva dei får:
– Det var nettopp barnehagestreik, og det blei forhandla i full openheit om kven som fekk kva. Blant dei som jobbar på golvet. Då er det rett og slett eit tankekors et vi har så lite innsikt i økonomien til dei som er på toppen, seier stortingsrepresentanten.
Aktuelt: Barnehagene sparte millioner på streiken. Denne kommunen vil ha pengene tilbake
Fryktar ikkje fleire innbrot grunna skattelistene
– Eit motargument er at kriminelle kan bruke skattelistene for å finne plassar å gjere innbrot?
– Ein førebygger kriminalitet gjennom å få ned forskjellane i samfunnet og andre tryggingstiltak. Eg trur ikkje skattelistene er den viktigaste årsaka til innbrot. Dette dreier seg om vinningskriminalitet eller desperasjonskriminalitet fordi ein ikkje har pengar. Men i forslaget vårt ligg det at søkjeloggen bør kunne lagrast og bli brukt av politiet i fall det er mistanke om slik kriminalitet.
Rødt og Nyholt har i utgangspunktet gode sjansar til å få igjennom forslaget om anonyme søk i skattelistene.
Det var Solberg-regjeringa som gjorde det slik at det visast kven som har søkt på andre i skattelistene. Ap, SV og Sp ville at det framleis skulle vere mogeleg med anonyme søk.
– Eg håpar inderleg at vi får støtte for forslaga. Dei raudgrøne var tydeleg på dette i den førre perioden. Eg håpar at dei vil stemme for sin eigen politikk når dei sit i regjering, seier barnehagepedagog Nyholt og avsluttar:
– Vi vil ha meir openheit, gjennomsiktigheit og transparent samfunn.