Køane i helsevesenet
Her kan pensjonistane jobbe så mykje dei vil utan å få kutt i pensjonen
Har du jobba i denne sektoren, kan du no melde deg til teneste, jobbe ekstra og behalde alle pengane. Og bidra til å få ned køane.
SJUKEHUS: Under pandemien var det også slik at pensjonistar kunne jobbe utan trekk. Ordninga er ein del av Ventetidsløftet og varer ut året.
Werner Juvik
Saken oppsummert
oystein.windstad@fagbladet.no
– Kompetansen til dei som har jobba der tidlegare er ein kjemperessurs. Pensjonistane kan vere med å sikre at vi ikkje overbelastar dei tilsette som jobbar der i dag, seier Helene Skeibrok som er nestleiar i Fagforbundet og har forhandla fram avtalen med arbeidsgjevarorganisasjonen Spekter.
Ordninga er ein del av Ventetidsløftet som har som mål å kraftig redusere sjukehuskøane, og varer frå 1. mars og ut 2025.
Alle unntatt sjukepleiarar
Skeibrok i Fagforbundet seier at alle som har jobba på sjukehus, bortsett frå sjukepleiarane, kan jobbe utan å få trekk i pensjonen:
– Vi snakkar om helsefagarbeidarar, reinhaldarar, legar og portørar – blant anna. Det gjeld dei fleste på sjukehus minus sjukepleiarane no, seier Skeibrok.
Det blir no sett på kva som skal til for at også pensjonerte sjukepleiarar skal kunne jobbe. Skeibrok fortel at utfordringa der er at pensjonen til sjukepleiarane er regulert av ei lov og ikkje av partane i arbeidslivet. Det skal undersøkjast om dette er noko som departementet eller regjeringa kan gjere noko med. Les meir om ordninga her.
Heile stillingar
Skeibrok seier at i tillegg til å ta inn pensjonistar er det noko anna viktig som kan gjerast for å korte køane:
– Vi er opptekne av at dei som jobbar deltid, no må få moglegheita til å få hundre prosent stilling. Slik at også desse kan bidra for fullt til å ta unna ventetidene, seier nestleiaren i Fagforbundet. Partane i arbeidslivet ser også på om dei kan gjere noko med tidstjuvar:
– Vi har jo fleire tiltak for å prøve å få ned ventetidene. Alt frå oppgåvedeling til å sjå på tidstjuvar. Kanskje er det system eller rapporteringar tilsette må bruke for mykje tid på.
Trur mindre venting er avgjerande for tillit
Nye tal viser at helsekøane har auka det siste året. Det seier Skeibrok ikkje berre er skadeleg for pasientane, men også for velferdsstaten:
– Det er viktig å redusere ventetidene for at folk skal ha tillit til det offentlege helsevesenet. Folk skal kunne vere trygge og sikre på at dei får helsehjelp når dei treng det, seier Skeibrok og legg til:
– Har du smerter i kne eller hofter, røyner det på for den enkelte om det blir venting. Dette fører også til at fleire ikkje får kome tilbake i arbeidslivet med ein gong. Dette er samtidig ikkje noko «quick fix». Det er eit langsiktig arbeid, seier ho.
UNIK AVTALE: Helene Skeibrok har forhandla for Fagforbundet med Spekter. Ho kjenner ikkje til andre plassar enn ved sjukehus at det finst ein slik avtale. Der pensjonistar kan jobbe utan å få pensjonen avkorta.
Werner Juvik
