Politikk
Lovar gratis arbeidsklede innan fire år
Du skal ikkje betale for sko og klede på jobb, lovar Ap. Det er derimot ikkje sikkert at det blir sett av pengar til dette i statsbudsjettet.
GRATIS: Elise Waagen (Ap) seier at det blir gratis arbeidstøy. (Arkivfoto)
Kasper Holgersen
Saken oppsummert
oystein.windstad@fagbladet.no
På landsmøtet til Fagforbundet har setninga «gratis arbeidstøy» blitt sagt nesten like ofte som «kameratar» frå talarstolen. Fleire tillitsvalde har håpa at regjeringa skal setje av pengar i haust.
Skal setje seg ned med Fagforbundet
Stortingsrepresentant Elise Waagen er arbeidspolitisk talsperson for Ap. Ho seier at regjeringa kjem til å levere på valkampløftet:
– Alle tilsette skal få dekka kostnadene til arbeidstøy. Men arbeidsgivar har i dag eit ansvar for å sørgje for at ein har det utstyret ein treng. Så om dette blir ein post i statsbudsjettet, eller om det potensielt handlar om endringar, oppstramming av regelverk og etterleving av det – det må vi jobbe saman med blant andre Fagforbundet om, seier Waagen, som fortel at dei no jobbar med å finne ut korleis dette skal gjerast i praksis.
Innan fire år
Waagen seier at dei er i gang med arbeidet for gratis klede og sko på jobben.
– Når blir det gratis arbeidsklede?
– Eg skulle gjerne sett at dette skjedde i går, for historiene om at tilsette i barnehagar og i heimesjukepleia anten dekker tøy sjølve eller går med heilt uegna klede, er unødvendige og uhaldbare, seier Waagen, som peikar på at i industri og mannsdominerte yrke får dei tilsette gratis arbeidsklede.
Ho seier vidare at løftet er noko dei har lova for denne stortingsperioden – altså dei neste fire åra.
– Jobbar i bomullspysj i minus 20
Waagen seier mange kontaktar ho og Ap om dårlege klede på jobb:
– Berre i førre veke fekk eg forklart korleis tilsette i heimesjukepleia går rundt i det dei sjølve omtala som ein bomullspysj i 20 minusgrader. Behovet er der, og vi har lova at dette skal kome på plass – og det skal vi følgje opp, slår stortingspolitikaren fast.
– Kommunane vil kanskje seie at dei ikkje har så mykje pengar å ta av til gratis arbeidstøy. Kva seier du til det?
– Dette er nokre av grunnane til at vi har sett oss ned og fundert. Vi er opptekne av å ha ein kommuneøkonomi som leverer gode tenester der folk bur, og som kan ta vare på dei tilsette som jobbar i kommunane. Løysinga, regelverket og pengane må henge saman. Det skal vi no sjå på, seier Waagen.
Nå: 0 stillingsannonser

