Eldreomsorg
Redde eldre ringer Pensjonistforbundet: – Får ikkje hjelpa dei treng
Om Norge var eit skip, er vi på full fart inn i isfjellet, seier leiaren av Pensjonistforbundet.
Jan Davidsen leiar Pensjonistforbundet ropar varsku: Andelen eldre vil auke drastisk, samtidig som vi har fått færre sjukeheimsplassar dei siste ti åra.
Håvard Sæbø
Saken oppsummert
oystein.windstad@fagbladet.no
– Mange trur det vil ordne seg når dei blir pensjonistar. Det vil det ikkje, seier leiar av Pensjonistforbundet Jan Davidsen.
Det har blitt 50.000 fleire eldre dei siste ti åra. Samtidig har 5000 færre fått sjukeheimsplass.
Du arbeider, betalar skatten din og tenkjer at du vil vere sikra ein trygg verdig alderdom den dagen du stemplar ut av jobben for siste gong. Slik tenkjer svært mange i dag, seier leiar av Pensjonistforbundet Jan Davidsen.
Han ropar no varsku. Han seier at vi som ser for oss dette, tek feil:
– Folk jamt over lever i trua og håpet om at når dei blir pensjonistar, ordnar resten seg. Det vil jo ikkje gjere det, seier Davidsen.
Han fortel at Pensjonistforbundet får telefonar frå redde eldre som ikkje får hjelpa dei treng.
Og pårørande som slit seg ut fordi dei både må jobbe og ta seg av sjuke og ofte demente eldre i familien. Kva har skjedd?
OPPRUSTING: Jan Davidsen har 250.000 medlemmar i ryggen. Han meiner det må kome ei massiv satsing på eldreomsorg. Og meiner at dette må bli ei av dei viktigaste sakene på den politiske agendaen dei neste år.
Øystein Windstad
Fleire eldre – Færre sjukeheimsplassar
Leiaren i Pensjonistforbundet peikar på eit mattestykke han seier ikkje går opp.
Tal frå Statistisk sentralbyrå viser at for ti år sidan var det rundt 220.500 som var 80 år og eldre i landet. I dag er det 270.500 i same aldersgruppe.
Medan det i 2015 var 32.300 på over 80 år som budde på sjukeheim eller i annan omsorgsinstitusjon, er talet rundt 27.500 i dag.
Det vil seie 50.000 fleire eldre over 80 år og 5000 færre som har fått sjukeheimsplass.
– Vi ropar varsku om situasjonen ute i mange kommunar når det kjem til helse og omsorg. Det er for få sjukeheimsplassar og det er for låg bemanning når det kjem til den opne omsorga. Dette øydelegg livskvaliteten til mange eldre. Dei eldre blir usikre redde og får veldig dårleg livskvalitet, seier Davidsen i Pensjonistforbundet.
FLEIRE HENDER: Jan Davidsen i Pensjonistforbundet meiner det må kome fleire hjelpende hender til i eldreomsorgen. Han viser til at i dag er det ei heilt anna gruppe som er på sjukeheim: – Dei må ha x-antal diagnoser for å i heile tatt bli vurdert for å kunne kome inn. Dei som er på sjukeheim i dag er mykje sjukare og oftare demente enn tidlegare.
Martin Guttormsen Slørdal
– Ein varsla katastrofe
Om det er tøft for mange eldre i dag, vil kampen om omsorgsplassane bli mykje verre i framtida. I åra som kjem vil delen eldre auke markant.
Er du rundt 50 år gamal i dag, vil du med dagens reglar bli pensjonist i 2040. Då trur SSB at det vil vere nesten dobbelt så mange eldre over 80 som i dag:
– Dette er ei varsla katastrofe, seier Davidsen. Han meiner det må kome ei massiv satsing på eldreomsorga:
– Det viktigaste er ei skikkeleg styrking av kommuneøkonomien. Det andre er å sørgje for at kommunane gjennom Husbanken får ressursar til å ta denne opprustinga som må skje. At vi sørger for at dei som jobbar, får heile og fulle stillingar, seier leiaren av Pensjonistforbundet som har 250.000 medlemmer.
KVA VENTAR OSS?: Når dei som er 50 år i dag vil pensjonere seg vil det vere nesten dobbelt så mange på over 80 år som i dag.
Anita Arntzen
Vil ha nasjonal gjennomgang og strategi
– Politikarane du vender deg til kan tenkje at dei skjønar problemstillinga. Dei kan samtidig tenkje at dette blir frykteleg dyrt. Kva seier du då?
– Dette dreier seg om menneske som i lang tid både har betalt sin skatt og gjort sin jobb. Dei har sjølvsagt satsa på at den dagen dei blir gamle skal dei ha verdige kår. Eg syns ikkje det er for mykje for langt å sloss for at folk skal kunne leve lenge. At dei skal kunne få tryggleik, føreseielegheit og hjelpa dei treng, seier Davidsen.
Han og Pensjonistforbundet vil ha ein offentleg gjennomgang og kartlegging av behovet for sjukeheimsplassar både i dag og i framtida.
Eit anna mattestykke som uroar Davidsen, er talet på ungar som blir født. For at befolkninga skal halde seg på same nivå som i dag, må norske kvinner i snitt få 2,1 barn. Talet i dag er på 1,4 barn per kvinne.
Vil mobilisere dei eldre
Davidsen er tidlegare leiar av Fagforbundet og difor også tidlegare sentralstyremedlem i Arbeidarpartiet.
Han meiner grunnen til at dei fleste av oss har det bra, er at mange har vore fagorganiserte, i politikken eller i frivillige organisasjonar.
Han meiner at mange pensjonistar og komande pensjonistar ikkje forstår alvoret:
– Det er rundt ein million eldre som kan stemme. Om fleire eldre fekk auga opp for kva dette dreier seg om, trur eg dette ville ha kome høgare opp på agendaen, seier Davidsen.
Han etterlyser ein stor og grundig debatt i valkampen.
Anne (58) gikk i uførefelle: – Verden falt i grus da jeg fikk brevet fra Nav
