Espen Løken, Svenssonstiftelsen:

Espen Løken er ny sjef i Svenssonstiftelsen

Løken tar over som dagleg leiar etter Andreas C. Halse.

Espen Løken er ny sjef i Svenssonstiftelsen.
Espen Løken er ny sjef i Svenssonstiftelsen.
Publisert Sist oppdatert

JOBB

Den nye sjefen kjem frå stillinga som sekretariatssjef i Industri Energi. Han har ei fortid som både tillitsvalt og arbeidslivsforskar ved Fafo.

Tidlegare dagleg leiar Andreas C. Halse går til jobben som politisk rådgivar i Integrerings- og mangfoldsdirektoratet, ifølge ei pressemelding frå stiftelsen.

• Følg oss på Facebook

Løken ser fram til å jobbe for stiftinga, som deler ut Arthur Svenssons internasjonale pris for faglege rettar for tiande gong i juni.

Prisen vart oppretta av nettopp Industri Energi og er på ein halv million kroner. Det er også landsstyret i Industri Energi som oppnemner priskomiteen, og sekretariatet ligg i same forbund.

I fjor gjekk prisen til den uavhengige fagrørsla i Kasakhstan. Formålet er å fremme arbeid for å styrke fagforeiningsarbeid og faglege rettar internasjonalt, og prisen delast ut til nokon som har bidratt til dette.

– Prisen er meir viktig enn nokon gong, sidan arbeidararrettar blir angripe i mange land over heile verda, heiter det i pressemeldinga.

Norsk pris til fengslede fagforeningsfolk i Kasakhstan

To fagforeningsfolk løslates fra kasakhstansk fengsel som følge av Arthur Svensson-prisen

Den norske Arthur Svensson-prisen for faglige rettigheter har allerede skapt hodebry for myndighetene i Kasakhstan

• Meld deg på nyhetsbrevet vårt

Powered by Labrador CMS