Hanne (67) har lagt ned penn og kamera
Etter ei lang karriere som journalist og redaktør er Hanne Kullerud Nielsen (67) blitt pensjonist.
Håvard Sæbø
Hanne hadde sin siste arbeidsdag i LO Media torsdag 31. mars. Ho avslutta arbeidslivet som journalist i Fellesforbundets medlemsblad, Magasinet for fagorganiserte.
Hanne starta den journalistiske karrieren i Hamar Arbeiderblad, der ho arbeidde i perioden 1985-1999. Etter eit kort opphald i Dagsavisen byrja ho i LO Media i 1999, ein arbeidsgjevar ho heldt fast på fram til ho hadde sin siste arbeidsdag, fire dagar før 67-årsdagen.
I LO Media jobba Hanne Kullerud Nielsen først som redaktør og journalist i HK-Nytt. I 2004 vart ho tilsett som ansvarleg redaktør for LOnytt (seinare FriFagbevegelse.no). Ho var redaktør i over ti år, noko som gjer at ho er den som har hatt den lengste perioden som redaktør for LO Medias felles nettstad.
Avslutning for Hanne Kullerud Nielsen
Håvard Sæbø
Dei siste sju åra har Hanne vore tilbake som utegåande journalist, og ho har reist rundt om i Norge og laga nyheiter og reportasjar om saker som angår Fellesforbundets medlemmer.