Fagligt Fælles Forbund (3F) sponsar Superligaen i Danmark:
Danske fagorganiserte får gratis inngang på alle fotballkampar
Danmarks største fagforbund blir ny hovudsponsor for den danske eliteserien i fotball for menn. Det gir fordelar for medlemmene.
Her frå superligakampen mellom FC København og Odense Boldklub i februar.
Anders Kjærbye / Ritzau Scanpix / NTB Scanpix
tormod@lomedia.no
Den danske Superligaen skal no bere fagforbundet Fagligt Fælles Forbund (3F) sitt namn, og heiter frå og med komande sesong «3F Superliga». Det melde partane på ein pressekonferanse onsdag.
– Akkurat som 3F, skaper fotball fellesskap og samhald. Uansett om det er på banen, på tribunane eller framfor tv-en, så kan fotball samle danskane på tvers av alder, fag og inntekt, seier leiar Per Christensen i 3F i ei pressemelding.
p
Gratis inngang
Det framgår ikkje kor mykje 3F betaler for å vere hovud- og namnesponsor for ligaen, men forbundet får meir enn publisitet for pengane: Medlemmene får nemleg gratis billettar til alle fotballkampar.
– Når vi i 3F inngår ein stor sponsoravtale, så er det fordi den kjem medlemmene til gode. Frå neste sesong kan alle medlemmer av 3F derfor hente ein billett til alle kampane dei har lyst til å gå på, i tillegg til å kjøpe ein ekstra billett med rabatt. Det einaste dei skal betale for sjølv, er ei varm pølse og drikkevarene, seier 3F-leiar Christensen.
Den fotballinteresserte delen av forbundets 273.000 medlemmer kan dermed glede seg til neste sesong startar over sommaren.
p
Auke stemninga på stadiona
Ein ikkje-kommersiell sponsor er eit utradisjonelt val: Den danske eliteserien har tidlegare hatt sponsorar som Coca-Cola, SAS og sist eit forsikringsselskap. I den inneverande sesongen har dei derimot ikkje hatt namnesponsor.
– Danmarks største fagforbund er ein perfekt partnar for Danmarks største sportsturnering. Det er eit unikt samarbeid, der 3F bidreg til å auke stemninga på stadiona ved å få enda fleire tilhengarar på tribunane, seier direktøren i Superligaen, Claus Thomsen.
Sponsoravtala skal vare i fire år. Frå før sponsar 3F eliteserien i fotball for kvinner, 3F Ligaen. Sponsoravtalen går ut etter sesongen som pågår no.
Her heime sponsar den norske arbeidstakarorganisasjonen LO hopplandslaga, gjennom ei avtale dei nettopp bestemte seg for å fornye i ytterlegare tre år.
Fagligt Fælles Forbund (3F)
Forbundet har i underkant av 273.000 medlemmer.
Medlemmene jobbar innanfor bransjane industri (92.000), bygg og anlegg (57.000), transport (50.000), offentleg sektor (35.000), privat sørvis, hotell og restaurant (26.000) og landbruk (12.000).
Forbundet har 65 lokale avdelingar.
Kjelde: 3f.dk
Flere saker
Fagligt Fælles Forbund (3F)
Forbundet har i underkant av 273.000 medlemmer.
Medlemmene jobbar innanfor bransjane industri (92.000), bygg og anlegg (57.000), transport (50.000), offentleg sektor (35.000), privat sørvis, hotell og restaurant (26.000) og landbruk (12.000).
Forbundet har 65 lokale avdelingar.
Kjelde: 3f.dk