JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Ny diettskatt

Er du vekependlar, må du ut med 40.000 kroner meir i skatt om du legg ut for måltida dine sjølv

Men om du bruker firmakort under reise, slepp du unna med ei langt lågare skatterekning.

Sissel M. Rasmussen (illustrasjonsfoto)

tormod@lomedia.no

Nye skattereglar gjer at det er stor forskjell i skatten du må betale, om du betaler måltid under reise med firmakort i staden for å legge ut sjølv og levere rekning til arbeidsgivaren.

Blir sett på som naturalyting

– Grunnen til forskjellen er at betaling med firmakort blir sett på som ei naturalyting og blir verdsette etter satsar, ikkje måltidets faktiske verdi, opplyser Espen Øren, rådgivar i Infotjenester.

Satsane for bruk av firmakort er 45 kroner for eitt måltid, 69 kroner for to måltid og 88 kroner for alle måltid.

– Om ein tilsett kjøper lunsj for 150 kroner på ei reise, skal den tilsette skattast for heile beløpet. Men om same person betaler med firmakort, slepp han eller ho unna med å skatte av 45 kroner, seier han.

Øren trekker fram eit eksempel:

Ein seljar som reiser dagleg, et lønsj for 100 kroner og får refundert utgiftene etter rekning, blir skatta for 23.000 kroner. Men om seljaren bruker eit firmakort, slepp han unna med å bli skatta for 10.350 kroner.

Fem gongar større skatt for vekependlarar

Utslaga blir enda større for ein vekependlar som får dekka alle måltid, ifølge utrekningane til rådgivaren:

Vekependlaren blir skatta for 115.000 kroner, medan ein vekependlar som bruker firmakort blir skatta for 20.240 kroner.

Vekependlaren som legg ut sjølv må betale 53.000 kroner i skatt, medan vekependlaren med firmakort slepp unna med 10.000 i skatt. Det blir altså over fem gongar så mykje i skatt på dei som ikkje har firmakort.

Utslaga i arbeidsgivaravgifta blir også store om ein brukar firmakort i staden for å få refundert etter rekning.

Infotjenester (pressebilde)

Annonse
Annonse