Abortloven, demonstrasjon 17. november:
Her blir det demonstrasjonar mot endringar i abortlova
Laurdag arrangerer kvinnerørsla ein landsdekkande protest mot endringar i abortlova. I skrivande stund er det planlagt 34 markeringar.
Illustrasjonsfoto.
Tri Nguyen Dinh
tormod@lomedia.no
– Dette handlar om fridom og bør engasjere fagrørsla som har lang tradisjon for å kjempe for fridommen til individa og for ein fornuftig balanse mellom familie og jobb, seier leiar Mona Berger i Fellesorganisasjonen (FO) Trøndelag til FriFagbevegelse.
Fagrørsla og LO er sterkt representert på markeringane og deriblant FO i Trondheim.
Erna Solberg kan endre lova
Grunnen er at Statsminister Erna Solberg har sagt at ho er villeg til å forhandle med KrF om endringar i paragraf 2c i abortlova, for å få til eit regjeringssamarbeid.
I den omstridte paragrafen står det at ein kan ta abort etter tolvte veke «når det er stor fare for at barnet kan få alvorlig sykdom, som følge av arvelige anlegg, sykdom eller skadelige påvirkninger under svangerskapet». I tillegg skal statsministeren vere villeg til å forhandle om eit forbod mot tvillingabort.
Veljarane seier derimot blankt nei til at abortlova skal rørast, ifølge ei undersøking Respons Analyse har gjort for VG. 68 prosent av veljarane seier nei til endringar, medan berre 16 prosent vil endre lova.
Kvinnerørsla trur 10.000 personar kjem til å gå ut i gatene 17. november.
Her er alle dei stadfesta demonstrasjonane (klikk på markørane får å sjå tid og stad):
1. desember i år er det akkurat 40 år sidan lova trådde i kraft. I 1978 fekk kvinnerørsla kjempa gjennom retten til sjølvbestemt abort.
Lova seier at kvinnene sjølv kan bestemme om dei skal ta abort fram til tolvte svangerskapsveke. Etter dette kan ei nemnd innvilge abort etter visse kriterie.
– Uverdig omgrep
Statsministeren sa førre veke at ho vil forhandle med KrF om å sette «en viktig barriere i utviklingen mot sorteringssamfunnet». Fellesorganisasjonens Mona Berger tek avstand frå omgrepet «sorteringssamfunn».
– Dette omgrepet som høgresida og KrF bruker, teiknar eit bilde av at kvinner og familiar som tek ansvarlege val for seg sjølv og livssituasjonen sin, står ved eit samleband og sorterer bort defekte varer. Det er eit uverdig omgrep på eit ekstremt vanskeleg val som individ står i. Ingen tar lett på det å ta abort, verken før eller etter veke tolv, seier ho.
(Saka held fram under bildet.)
Mona Berger, leiar i Fellesorganisasjonen Trøndelag.
Eirik Dahl Viggen
Berger, som også er førstevara til Stortinget for SV, skal halde appell under demonstrasjonen i Trondheim.
– Kvifor stiller Fellesorganisasjonen opp i ein demonstrasjon mot endringar i abortlova?
– Vi er eit kvinnedominert forbund, der kvinnepolitikk og familiepolitikk står sentralt. Vi kjenner behov for å markere motstand mot endringar i abortlova som vil føre til at gravide kvinner og familiar i ein sårbar situasjon mistar valfridommen sin, seier Berger.
– Dei usosiale kutta som den blå-blå regjeringa har gjennomført, har ikkje gjort det enklare å ha barn med spesielle behov i landet vårt. Heller tvert imot. Det blir då særleg kritikkverdig at dei no vil opne for at fleire kvinner og familiar utan nødvendige ressursar – både mentalt, økonomisk og kjenslemessig – skal vere nødt til å bere fram alvorlege sjuke barn eller få fleire barn enn kva dei tenker er forsvarleg ut frå livssituasjonen sin, meiner Berger.
Demonstrasjonane
Her er alle demonstrasjonane mot endringar i abortlova:
Alta: Sentrumsparken, klokka 14.00
Bergen: Den Blå Steinen, Torgalmenningen, klokka 14.00
Bodø: Torget utenfor Glasshuset, klokka 14.00
Bø: Bø kommunehus, klokka 13.45
Drammen: Strømsø torg, klokka 14.00
Elverum: Lokket, klokka 14.00
Fredrikstad: Katti Anker Møller-skulpturen, klokka 13.00
Førde: Førde Rådhus, klokka 18.00
Gjøvik: Falkehjørnet, klokka 14.00
Gøteborg: Kungsportsplatsen, klokka 14.00
Hamar: Klokka 14.00
Hammerfest: Rådhusplassen, klokka 14.00
Haugesund: Byparken, klokka 13.00
Kristiansand: Torvet, klokka 14.00
Kristiansund: Rådhusplassen, klokka 12.00
Levanger: Torget, klokka 14.00
Lillehammer: Klokka 14.00
Mandal: Klokka 14.00
Mo i Rana: Nytorget, klokka 14.00
Molde: Klokka 14.00
Namsos: Festplassen/Familieplassen, klokka 14.00
Narvik: Klokka 13.00
Oslo: Eidsvolls plass, klokka 14.00
Porsgrunn: Rådhusamfiet, klokka 14.00
Stavanger: Torget, klokka 14.00
Stjørdal: Torget, klokka 13.00
Sunndal: Klokka 14.00
Svolvær: Amfi Svolvær, klokka 12.00
Tromsø: Stortorget, klokka 14.00
Trondheim: Tordenskioldsparken, klokka 14.00
Tønsberg: Farmandstorvet, klokka 14.00
Volda og Ørsta: Sivert Aarflot-plassen i Volda, klokka 14.00
Ålesund: Rådhusplassen, klokka 15.00
Ås: Borggården ved Ås Kulturhus, klokka 14.00
Flere saker
Demonstrasjonane
Her er alle demonstrasjonane mot endringar i abortlova:
Alta: Sentrumsparken, klokka 14.00
Bergen: Den Blå Steinen, Torgalmenningen, klokka 14.00
Bodø: Torget utenfor Glasshuset, klokka 14.00
Bø: Bø kommunehus, klokka 13.45
Drammen: Strømsø torg, klokka 14.00
Elverum: Lokket, klokka 14.00
Fredrikstad: Katti Anker Møller-skulpturen, klokka 13.00
Førde: Førde Rådhus, klokka 18.00
Gjøvik: Falkehjørnet, klokka 14.00
Gøteborg: Kungsportsplatsen, klokka 14.00
Hamar: Klokka 14.00
Hammerfest: Rådhusplassen, klokka 14.00
Haugesund: Byparken, klokka 13.00
Kristiansand: Torvet, klokka 14.00
Kristiansund: Rådhusplassen, klokka 12.00
Levanger: Torget, klokka 14.00
Lillehammer: Klokka 14.00
Mandal: Klokka 14.00
Mo i Rana: Nytorget, klokka 14.00
Molde: Klokka 14.00
Namsos: Festplassen/Familieplassen, klokka 14.00
Narvik: Klokka 13.00
Oslo: Eidsvolls plass, klokka 14.00
Porsgrunn: Rådhusamfiet, klokka 14.00
Stavanger: Torget, klokka 14.00
Stjørdal: Torget, klokka 13.00
Sunndal: Klokka 14.00
Svolvær: Amfi Svolvær, klokka 12.00
Tromsø: Stortorget, klokka 14.00
Trondheim: Tordenskioldsparken, klokka 14.00
Tønsberg: Farmandstorvet, klokka 14.00
Volda og Ørsta: Sivert Aarflot-plassen i Volda, klokka 14.00
Ålesund: Rådhusplassen, klokka 15.00
Ås: Borggården ved Ås Kulturhus, klokka 14.00