Lønnsstøtte:
Choice droppar permitteringar: – Eg er kjempeglad, seier konserntillitsvald
Hotellkjeda med rundt 5.000 tilsette i Norge, bruker lønnsstøtte-ordninga i staden for å permittere, men tar størstedelen av rekninga sjølv.
JUBLAR: Konserntillitsvald Merethe Sutton jublar for ingen permitteringar i Choice, men er ikkje nøgd med innsatsen frå regjeringa.
Ida Bing
tormod@lomedia.no
Det skriv Nordic Choice i ei pressemelding tysdag.
– Eg er kjempeglad for at vi slepp permitteringar. Bekymringa har vore at folk skal få lite i dagpengar, at vi mistar kompetanse i bransjen og uvissa dette fører med seg. Det å gå inn i jula med permitteringar er noko av det verste som kunne skjedd, seier konserntillitsvald Merethe Sutton til Magasinet for fagorganiserte.
Ho viser til høge straumrekningar, og at hotell er ein låglønnsbransje med mange deltidstilsette. Nye permitteringar trur ho ville ført til at mange gav opp bransjen for godt.
– Denne gongen hadde vi forsvinnande lite å gå på. Eg føler veldig med dei som ikkje har ei stor og sterk kjede i ryggen, seier ho.
Hotellkjeda som er eigd av Petter Stordalen, har rundt 5.000 tilsette i Norge.
Jan Markus er permittert for tredje gong: – Gjestar kjem bort og kondolerer
– På brestepunktet
Hotellkjeder og arbeidsgivarane i NHO Reiseliv var kritiske til lønnsstøtte-ordninga regjeringa la fram fredag, og både Choice og Thon Hotels varsla at dei ikkje hadde anna val enn å permittere. Seinare har ordninga blitt forbetra, hovudsakleg gjennom forhandlingar med SV på Stortinget måndag.
Choice bruker no ordninga, men konsernsjef Torgeir Silseth er framleis ikkje nøgd.
– Det har vore nokre vonde dagar etter at vi fekk forslaget til lønnskompensasjon presentert, seier han i pressemeldinga.
Choice melder om at tilsette har varsla at dei er på brestepunktet, og at hotella risikerte å miste meir kompetanse dersom dei hadde permittert nok ein gong.
– Derfor vel vi å ta menneskelege omsyn framfor økonomiske.
INGEN PERMITTERINGAR: Konsernsjef Torgeir Silseth i Choice tar i bruk lønnsstøtte-ordninga i staden for å permittere, men vil ikkje gi regjeringa æren for at tilsette går inn i jula utan klump i magen.
Nordic Choice Hotels
– Tar størstedelen av rekninga sjølv
Choice-sjefen understrekar at dei tar størstedelen av rekninga for å halde dei tilsette i jobb. Han er skuffa over økonomiske tap på grunn smitteverntiltaka innført av myndigheitene førre veke, som han kallar næringsforbod.
Han seier lønnsstøtta dekker rundt 35 prosent av lønnskostnadene, og at konsernet ikkje drar nytte av den generelle kompensasjonsordninga for bedrifter med fall i omsetnaden, eller den kommunale ordninga.
– Så eg vil ikkje gi regjeringa æra for at tilsette slepp å feire jul med klump i magen.
Konserntillitsvald Merethe Sutton kjem også med kritikk.
– Regjeringa har vore for seine. Dei burde stått klare med kompensasjonsordningane når dei stengde ned. Dei må slutte å vere bakpå.
– Det verkar ikkje som dei har lært av forgjengarane sine, men går i same fella med seine og lite gjennomtenkte kompensasjonsordningar. Det skuffar meg, og skuffar ekstra når det er ei raudgrøn regjering som skal kjempe arbeidsfolk sin kamp, seier Sutton til Magasinet.
Les: SV og regjeringen enige om lønnsstøtte: Øker maksbeløpet til 40.000 kroner
Dette er en sak fra
Vi skriver om ansatte i store bransjer i privat sektor, blant annet industri, bygg, transport og hotell og restaurant.