JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Schibsted Distribusjon AS og Helthjem Netthandel AS i Nydalen:

Då Boris og kollegene fekk tariffavtale, auka lønna med over 50 kroner timen: – No gir folk 150 prosent

Det er ikkje rart at dei jublar for tariffavtale på terminalen.
TARIFFAVTALE: Klubbleiar Boris Jevtovic (til høgre) fekk god hjelp frå Carsten Østby Håkonsen i Fellesforbundet då dei ville ha ein tariffavtale ved pakkeriet.

TARIFFAVTALE: Klubbleiar Boris Jevtovic (til høgre) fekk god hjelp frå Carsten Østby Håkonsen i Fellesforbundet då dei ville ha ein tariffavtale ved pakkeriet.

Håvard Sæbø

tormod@lomedia.no

OSLO: På terminalen i Nydalen vrimlar det med køyretøy i tidlege morgontimer. Her blir aviser og pakker distribuert ut til utsalsstadar og avisbod.

I fjor melde dei tilsette i logistikkselskapet Nord Viking AS seg inn i Fellesforbundet. 1. februar i år var tariffavtala i boks.

Melde seg inn

Klubbleiar Boris Jevtovic (27) har jobba på terminalen i ti år, der han no pakkar matvarer som blir levert på døra av avisboda.

– Mange var misnøgd, fortel Jevtovic til Magasinet om situasjonen då dei tilsette bestemte seg for å ta saka i eigne hender.

Etter at dei melde seg inn i Fellesforbundet, fann dei ut at ei tariffavtale var mogleg, lærte korleis dei skulle forhandle med arbeidsgivaren og kva dei kunne krevje.

• Hva tjener folk med ditt yrke? Dette er snittlønna i over 350 yrker

Lønnshopp

Det har gitt resultat, ikkje minst i form av endringar på lønnsslippen. Lønna har nemleg auka med over 50 kroner timen.

Tidlegare var timelønna 145 kroner på dagtid og 165 kroner på kveldstid. No er lønna 218 kroner pluss eit kveldstillegg på 38 kroner.

– Det er tryggare med tariffavtale. Regelverket er betre, seier Jevtovic.

Avtala er no med Schibsted Distribusjon AS som i juni tok over halve verksemda til Nord Viking.

Trygg på jobben

Den andre halvparten vart verksemdsoverdratt til Schibsted- og Polaris-eigde Helthjem Netthandel AS.

– Vi melde oss inn i Fellesforbundet, ikkje berre på grunn av pengar, men for å føle oss trygge på jobben, seier Helthjem-tilsett Jovana Vrcelj (25).

No stortrivast ho i jobben der ho skannar og sorterer pakker som skal leverast ut med avisboda.

– Jobben er herleg. Vi har sjefar som høyrer og tar vare på oss, seier Vrcelj.

Gir 150 prosent

Både Vrcelj og Jevtovic har opplevd ei enorm auke i netthandel under koronakrisa. Matleveringa dobla seg då tiltaka sette inn, fortel Jevtovic.

Veka før Magasinet er på besøk, sette Helthjem ny dagsrekord. Dei skanna og sorterte fleire pakkar enn på den store handledagen Black Friday.

– No gir folk 150 prosent. Det betyr mykje når sjefen set pris på deg, seier Jovana Vrcelj som er glad for medlemskapet i fagforeininga.

Vegg i vegg

Inne på trykkeriet og avispakkeriet til Schibsted har tilsette vore organisert, men på lasterampa har dei som stablar trykksakene tradisjonelt vore uorganiserte.

Området var tidlegare tarifftomt, forklarer organisasjonsarbeider Carsten Østby Håkonsen i Fellesforbundet avdeling 850 Oslo grafiske fagforening.

No er dei også omfatta av overeinskomsten for avis, avistrykkeri og pakkeri. Og heile kjeda er organisert av Fellesforbundet, frå typografane til avisboda.

• Les også: Lageransatte og havnearbeidere gjorde et lønnshopp i februar

Dette er saka

Tilsette i logistikkselskapet Nord Viking AS organiserte seg i fjor. 1. februar fekk dei tariffavtale.

Schibsted Distribusjon AS og Helthjem Netthandel AS har tatt over verksemda.

14 Fellesforbundet-medlemmer jobbar i Schibsted Distribusjon, mens 8 medlemmer jobbar i Helthjem.

Warning
Dette er en sak fra

Vi skriver om ansatte i store bransjer i privat sektor, blant annet industri, bygg, transport og hotell og restaurant.

Les mer fra oss

Annonse
Annonse

Dette er saka

Tilsette i logistikkselskapet Nord Viking AS organiserte seg i fjor. 1. februar fekk dei tariffavtale.

Schibsted Distribusjon AS og Helthjem Netthandel AS har tatt over verksemda.

14 Fellesforbundet-medlemmer jobbar i Schibsted Distribusjon, mens 8 medlemmer jobbar i Helthjem.