JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Korona-krisa:

Dagpenge-kalkulator: Sjekk kor mykje du får

Dei nye reglane kan vere vanskeleg å forstå. Med FriFagbevegelse sin kalkulator, kan du enkelt finne ut kor mykje du får i dagpengar.

Colourbox / innfelt skjermdump

tormod@lomedia.no

Sjekk den oppdaterte dag-pengekalkulatoren her

Førre veke vart det innført nye reglar for dagpengar, som skal gjere kvardagen enklare for deg som er permittert som følge av korona-krisa. Reglane er derimot ikkje så enkle. Vi forklarer!

For det første: Dei 20 første permitterings-dagane skal du ha full lønn. Arbeidsgivar betale dei to første dagane, mens Nav betaler dei neste 18 dagane, opp til ei grense på 600.000 kroner. Du kan også få lønna for alle 20 dagar på forskot frå arbeidsgivar om bedrifta følger oppfordringa frå arbeidsministeren.

Deretter får du dagpengar frå Nav dersom du registrerer deg som arbeidssøkar og sender inn dagpenge-søknad.

Kor mykje du får i dagpengar, er svaret på eit komplisert reknestykke:

Dagpengane skal vere tilsvarande 80 prosent av inntekt opp til 300.000 kroner. Frå 300.000 kroner og opp til 600.000, får du vanleg dagpenge-sats på 62,4 prosent. For inntekt over denne grensa, får du ikkje dagpengar i det heile.

Her kan du sjølv rekne ut kor mykje du får:

dagpenge-kalkulator-med-prosent

Sånn fungerer kalkulatoren: Prosent under 40 = 0. Beløp under 0,75 G = 0. Beløp mellom 0,75 G og 3 G: «(beløp * 0,8) * prosent / 100». Beløp mellom 3 G og 6 G: «((beløp – 3 G) * 0,624 + 3 G * 0,8) * prosent / 100». Beløp over 6 G: «426593 * prosent / 100». Utbetaling kvar 14. dag før skatt: «årleg utbetaling før skatt / 26».

For å få dagpengar frå Nav, må du oppfylle fleire krav:

Du må ha tent over 75.000 kroner dei siste 12 månadene, eller 225.000 kroner dei siste 36 månadene. Du må også ha fått redusert arbeidsinntekt, og arbeidstida må vere redusert med minst 40 prosent til saman.

Kravet til inntekt i perioden, omfattar lønnsinntekt som arbeidstakar. I tillegg blir desse ytingane rekna med: foreldrepengar, svangerskapspengar og svangerskapsrelaterte sjukepengar.

Inntekta dagpengane blir berekna ut frå er: lønnsinntekt som arbeidstakar, sjukepengar, omsorgspengar, pleiepengar, opplæringspengar, svangerskapspengar, foreldrepengar ved fødsel/adopsjon og dagpengar.

Næringsinntekt, arbeidsavklaringspengar, pensjon og eingongsstønad ved fødsel er ikkje med i grunnlaget.

Du kan sjekke inntektene dine hos Skatteetaten. Dersom du meiner noko er feil, må du be arbeidsgivar rette opplysningane, i tillegg til å varsle Nav.

p

Dagpengane blir utbetalt etter at du har sendt meldekort til Nav, kvar 14. dag. Du betaler skatt av dei, og må sjølv endre skattekortet ditt for at riktig skatteprosent skal bli trekt frå.

Som permittert kan du få dagpengar i inntil 26 veker over ein periode på 18 månader.

Kjelde: nav.no

Dette er en sak fra

Vi skriver om ansatte i store bransjer i privat sektor, blant annet industri, bygg, transport og hotell- og restaurant.

Les mer fra oss

Annonse
Annonse