JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.
PROLETARAR: Alexander Torsvik (til venstre) er stillasmontør, mens Christoffer Heggholmen (til høgre) er bilmekanikar. Richard Storevik har blitt organisasjonsarbeidar i Fellesforbundet-avdelinga, men får godkjent-stempel frå kompisane.

PROLETARAR: Alexander Torsvik (til venstre) er stillasmontør, mens Christoffer Heggholmen (til høgre) er bilmekanikar. Richard Storevik har blitt organisasjonsarbeidar i Fellesforbundet-avdelinga, men får godkjent-stempel frå kompisane.

Tormod Ytrehus

Podkast om politikk og arbeidsliv:

Dei var lei av politikarprat på radio. Så dei laga like godt sin eigen podkast

Fellesforbundet-medlemmene Alexander, Richard og Christoffer lagar podkasten «Proletarprat».

tormod@lomedia.no

BERGEN: Dei sit rundt eit bord i Fellesforbundet sitt hovudkvarter i det gamle blikkvalseverket i Laksevåg. Richard Storevik, Christoffer Heggholmen og Alexander Torsvik speler inn sjuande episode av podkasten sin «Proletarprat» når Magasinet for fagorganiserte er på besøk.

Kva er ein proletar? Det skal vi komme tilbake til, men først: Korleis kom ein inntil nyleg verftsarbeidar, ein bilmekanikar og ein stillasmontør på at dei skulle lage podkast?

– Eg tenkte at eg liker å høyre meg sjølv snakke. Kvifor skal ikkje eg starta podkast? seier bergensar Storevik og ler.

Saka held fram under bildet.

RADIOPRODUSENT: Stillasmontør Alexander Torsvik (til venstre) har blitt radioprodusent. Han har alltid hatt interesse for datamaskiner og lyd, men læringskurva som radioprodusent har vore bratt. Richard Storevik til høgre.

RADIOPRODUSENT: Stillasmontør Alexander Torsvik (til venstre) har blitt radioprodusent. Han har alltid hatt interesse for datamaskiner og lyd, men læringskurva som radioprodusent har vore bratt. Richard Storevik til høgre.

Tormod Ytrehus

Han ringde kompis og bilmekanikar Heggholmen, og forventa at han skulle skyte ned ideen. Etter ein halvtime var mikrofonane bestilt. Dei fekk også med seg kompis og stillasmontør Torsvik som radioprodusent.

Diskusjonen på golvet

I podkasten snakkar dei om politikk, arbeidsliv og kvardagen sin.

– Vi er einige om at vi skal få politikken og arbeidslivet ned på eit nivå folk kan identifisere seg med. Det andre er å vere eit talerøyr, at vi kan plukke opp diskusjonen på golvet og bruke kanalen til å nå ut til politikarar, fagrørsletoppar og andre, seier Storevik.

– Det skal ikkje bli for seriøst, vi er litt fjasete og håpar folk synest det er OK å høyre på. Det skal vere litt underhaldning, legg Heggholmen til.

Lei av politikarprat

Dei er opptatt av å bruke ord folk forstår, ikkje servere høgtsvevande vissvass. Alle har dei høyrd podkastar som «Politisk kvarter» og «Dagsnytt 18». Og irritert vettet av seg.

– Spørsmål og svar er førehandsprogrammerte. Du får ingenting ut av det. Kvifor er det ingen som snakkar om kva politikken betyr for folk? spør Heggholmen.

– Kommentarfeltet på Facebook inspirerer meg meir enn to partitoppar i eit radiostudio. Vi veit kva som treffer, for vi høyrer den ærlege praten på arbeidsplassane, seier Storevik.

Kva er ein proletar?

Magasinet stussa litt på podkast-namnet då vi først oppdaga det. Kva er ein proletar? Dei tre er smerteleg klar over at ordet ikkje er noko alle har eit forhold til.

Eigentleg skulle podkasten heite «Gutta på golvet». Same dag som første episode skulle spelast inn, fann Storevik ut at ein annan podkast hadde tatt namnet. Då foreslo ein kollega at dei skulle heite «Proletariatet», eit anna ord for arbeidarklasse.

– Så googlar Richard, ringer meg og seier at han har lært seg eit nytt ord. Hell i uhell, seier Heggholmen og ler.

• Høyr også på: Podkasten Rørsla – historier frå grasrota

Engasjere og underhalde

Høyrer proletarar på podkast? Absolutt, svarer dei.

Podkast kan du høyre på anten du er ein bilmekanikar som skrur bil, hotelltilsett som vaskar hotellrom eller er ute og luftar bikkja på kvelden.

– Podkast er Netflix for radio, eit medium der du kan høyre på det du har lyst til når det passar deg, seier Heggholmen.

Målet er å underhalde, men også å engasjere.

– Vi har masse rettar som er bygd opp gjennom årevis med arbeidarkamp. Eg håpar fleire vaknar opp og ser verdien av arbeidarkamp og arbeidarrørsla. Det hadde vore kult å få påverka særleg min generasjon, seier han.

Podkast

ei lydfil du kan laste ned til mobilen eller datamaskina di.

Proletar

[proleta:´r] person som lever av å selje arbeidskrafta si; lønnstakar.

CV

Namn: Alexander Torsvik

Alder: 33

Sivilstatus: Singel

Yrke/verv: Stillasmontør, hovudtillitsvald i StS gruppen i Bergen

Hobby: Fagforeining, matlaging og ølbrygging

Namn: Richard Storevik

Alder: 32

Sivilstatus: Singel, to tvillinggutar (12)

Yrke: Organisasjonsarbeidar i Fellesforbundet avdeling 5

Hobby: Jobben, matlaging og basket

Namn: Christoffer Heggholmen

Alder: 28

Sivilstatus: Sambuar, ei dotter (10)

Yrke/verv: Bilmekanikar, hovudtillitsvald i Bertel O. Steen i Bergen

Hobby: Fagforeining, matlaging og gitar

Dette er en sak fra

Vi skriver om ansatte i store bransjer i privat sektor, blant annet industri, bygg, transport og hotell- og restaurant.

Les mer fra oss