JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

LO-kongressen

Fellesforbundet-leiinga kan få ein ledig plass. Den vil to fagforeiningsleiarar gjerne ha

Dersom Steinar Krogstad blir ny LO-nestleiar, er det ein ledig plass i leiinga til Fellesforbundet. Christian Justnes og Joachim Espe med lang erfaring som tillitsvalde i byggebransjen, varslar sine kandidatur.
KAMP MOT SOSIAL DUMPING: Byggebransjen må vere representert i forbundsleiinga, i kampen for eit seriøst arbeidsliv og mot sosial dumping. Det meiner både Joachim Espe og Christian Justnes.

KAMP MOT SOSIAL DUMPING: Byggebransjen må vere representert i forbundsleiinga, i kampen for eit seriøst arbeidsliv og mot sosial dumping. Det meiner både Joachim Espe og Christian Justnes.

Erlend Angelo

tormod@lomedia.no

Fellesforbundet har lansert nestleiaren sin, Steinar Krogstad, som ny nestleiar i LO. Forbundet har vanlegvis to representantar i LO-leiinga. I dag har Fellesforbundet berre ein representant etter at LO-leiar Hans-Christian Gabrielsen døydde brått i fjor. Sjansen for at Krogstad blir valt, er derfor stor.

Da kjem Fellesforbundet til å mangle ein nestleiar, og ein forbundssekretær dersom nokon frå dagens forbundsleiing rykker opp.

I liknande situasjonar tidlegare har forbundet sette ned ein valkomite, og tatt valet på eit ekstraordinært representantskap. Fellesforbundet kjem ikkje til å starte den prosessen før LO-kongressen i månadsskiftet mai/juni.

Men allereie no varslar to fagforeiningsleiarar sitt kandidatur til eit forbundssekretær-verv, overfor Magasinet for fagorganiserte. Den eine er Joachim Espe, leiar for Bygningsarbeidernes Fagforening i Oslo. Den andre er Christian Justnes, fagforeiningsleiar i Agder.

Kampen mot sosial dumping

Begge trekker fram at dei som Steinar Krogstad, har bakgrunn frå bygg.

Dei peikar også på at Krogstad har arbeidet for eit seriøst arbeidsliv og mot sosial dumping som ansvarsområde i forbundsleiinga. Det er eit arbeid både Espe og Justnes seier dei er motiverte for å ta tak i.

– Vi var den første bransjen som opplevde sosial dumping, og bygg har vore ein spydspiss i arbeidet for seriøsitet. No ser vi at arbeidet vårt gir resultat, men vi er langt frå mål. Derfor er det viktig at vi får inn nokon med bakgrunn frå byggebransjen, meiner Justnes.

– Arbeidet må vidareførast og styrkast. Vi må avskaffe innleige frå bemanningsbyrå som fortrenger faste tilsettingar, og gjenreise eit arbeidsliv som konkurrerer på kompetanse og produktivetet. Dei føreslåtte lovendringane frå regjeringa er ein god start, men vi må hjelpe politikarane til å vidareføre storreingjeringa i arbeidslivet, seier Espe, og legg til at å styrke bruken av akkord er viktig for seriøsitet i byggebransjen.

Erfarne tillitsvalde

Begge sit i forbundsstyret til Fellesforbundet, har lang erfaring som tillitsvalde i byggebransjen og er i ein alder som gjer at dei kan ha mange år i forbundsleiinga framfor seg.

Espe trekker fram at han har leia fagforeiningar som har møtt store endringar i arbeidslivet – knytt til sosial dumping, innleige og arbeidslivskriminalitet – med mot-offensivar.

Fagforeiningane har starta politiske kampanjar mot bemanningsbransjen, gjennom kartleggingar, innleige-rapportar og fire politiske streikar. Han peikar på systematisk organisasjonsbygging i klubbar og blant arbeidsinnvandrarar. Og at fagforeininga har resultat å vise til når det gjeld styrking av akkord i byggebransjen.

– Desse erfaringane og denne måten å jobbe på, meiner eg bør representerast i forbundsleiinga.

Justnes trekker fram at han har 21 år erfaring som tillitsvald og klubbleiar. Han peikar også på leiareigenskapar som at han tar ansvar, er tydeleg og ikkje redd for å ta diskusjonar.

Han meiner han opptrer ryddig og med respekt overfor folk, sjølv om han måtte vere rykande ueinig i sak, noko som kan komme forbundet til nytte.

– Eg har ei god evne til å klare å få til samarbeid og prosessar med ulike folk med ulike interesser. Eg kan vere ein god leiar og forhandlar som bruker krefter på å samle organisasjonen, og inkludere og spele på kompetansen vår.

Begge seier om kvarandre at dei er dyktige tillitsvalde som dei har respekt for, og har samarbeida godt med.

Ap- og Raudt-medlemmar

Justnes er medlem i Arbeidarpartiet, og skildrar seg sjølv som «langt til venstre» i partiet. Han har ikkje vore partipolitisk aktiv, seier han.

– Førebels har eg ønska å prioritere fagrørsla og Fellesforbundet. Der føler eg meg mest heime, og der trur eg at eg kan utrette mest, seier Justnes.

Espe er medlem i Raudt, og har tidlegare vore fagleg leiar i partiet. Dagens forbundsleiing har ingen medlemmar i Raudt, så vidt Magasinet kjenner til.

– Både Fellesforbundet og arbeidarrørsla i Norge generelt, er romslegare og meir mangfaldig i dag. Det bør også speglast av i leiinga til Fellesforbundet, meiner Espe.

Joachim Espe

41 år.

Røyrleggar.

Frå Ås.

Leiar i Fellesforbundet avdeling 600 Bygningsarbeidernes Fagforening i Oslo og delar av Akershus frå 2020. Leiar i Rørleggernes Fagforening i Oslo og Akershus frå 2016 til 2020.

Klubbleiar og konserntillitsvald i Bravida frå 2012 til 2016. Klubbleiar i August Larsen frå 2008 til 2012.

I forbundsstyret frå 2019.

Christian Justnes

46 år.

Forskalingssnikkar.

Frå Kristiansand.

Leiar i Fellesforbundet avdeling 3 Agder Fagforening frå 2012.

Tillitsvald og klubbleiar i Kruse Smith Entreprenør frå 2003 til 2022.

I forbundsstyret frå 2015.

Dette er en sak fra

Vi skriver om ansatte i store bransjer i privat sektor, blant annet industri, bygg, transport og hotell- og restaurant.

Les mer fra oss

Annonse
Annonse

Joachim Espe

41 år.

Røyrleggar.

Frå Ås.

Leiar i Fellesforbundet avdeling 600 Bygningsarbeidernes Fagforening i Oslo og delar av Akershus frå 2020. Leiar i Rørleggernes Fagforening i Oslo og Akershus frå 2016 til 2020.

Klubbleiar og konserntillitsvald i Bravida frå 2012 til 2016. Klubbleiar i August Larsen frå 2008 til 2012.

I forbundsstyret frå 2019.

Christian Justnes

46 år.

Forskalingssnikkar.

Frå Kristiansand.

Leiar i Fellesforbundet avdeling 3 Agder Fagforening frå 2012.

Tillitsvald og klubbleiar i Kruse Smith Entreprenør frå 2003 til 2022.

I forbundsstyret frå 2015.