Dette er en sak fra
Magasinet for fagorgansierte
Vi skriver om ansatte i store bransjer i privat sektor, blant annet industri, bygg, transport og hotell og restaurant.
Les mer fra oss
Korona-krisa:
408.000 personar er arbeidsledige, ifølge dei siste tala frå Nav. Det er 20.000 færre enn for to veker sidan.
Talet utgjer 14,6 prosent av alle som kan jobbe, og er ein nedgang på 0,7 prosentpoeng sidan 21. april.
Fleire er dermed tilbake i arbeid. Talet heilt ledige har minska med 40.000 personar. Samtidig har talet delvis ledige (som ikkje er heilt utan arbeid) auka med 20.000.
I midten av mars skaut talet arbeidssøkarar i veret, etter at mange vart permittert og arbeidsledige på grunn av korona-krisa.
I slutten av mars begynte talet heilt arbeidsledige å flate ut, mens talet delvis ledige flata ut i starten av april. Frå slutten av april går talet heilt og delvis ledige nedover.
arbeidssøkarar
I prosent, er flest ledige innanfor næringa «reiseliv og transport» (61.000 personar). Fleire er delvis ledige innanfor «butikk- og salsarbeid», og i absolutte tal er flest ledige i denne næringa (63.000).
arbeidssøkarar
Arbeidsløysa er høgast i prosent blant dei i 20-åra. Deretter følger personar i 30-åra. I reine tal, er i underkant av 102.000 og 104.000 ledige i kvar av desse to aldersgruppene. Arbeidsløysa minskar med alderen, når ein samanliknar dei i 40-åra (84.000), 50-åra (67.000) og eldre enn 60 år (329.000).
arbeidssøkarar
Talet nye permitterte toppa seg i veka mellom 17. og 24. mars, då 145.000 melde seg som arbeidssøkarar på grunn av permittering. Seinare har talet nye arbeidssøkarar gått nedover.
arbeidssøkarar
Geografisk er flest ledige i Viken (94.000), mens Nordland har færrast ledige (14.000). Med grunnlag i folketalet, er flest ledige i Oslo.
arbeidssøkarar