JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Fryktar for fagrørslas framtid: – Redselen er at folk ikkje tør å stille

Tusen besøk på byggeplassar og 40 års erfaring i fagrørsla har lært Boye Ullmann at det er tøft for tillitsvalde å bruke ytringsfridommen.
Ullmann har samla sine erfaringar i «Håndbok for tillitsvalgte»: – Det nyttar ikkje berre å vere forbanna og slå i bordet. Du må ha kunnskapen og tenke prosess, er Boye Ullmanns råd til ein fersk tillitsvalt.

Ullmann har samla sine erfaringar i «Håndbok for tillitsvalgte»: – Det nyttar ikkje berre å vere forbanna og slå i bordet. Du må ha kunnskapen og tenke prosess, er Boye Ullmanns råd til ein fersk tillitsvalt.

Håvard Sæbø

29.01.2023
07:00
14.02.2023 10:45

tormod@lomedia.no

has@lomedia.no

Han har vore i vinden av fleire grunnar i det siste.

Boye Ullmann har skrevet ei ny bok, som skal gi kunnskap og sjølvtillit til nye troppssjefar i fagrørsla.

Samtidig har han i aviser og på TV argumentert for at Raudt bør støtte at Norge sender våpen til Ukraina – og dermed utløyst ein stor debatt rundt partiet.

Det er ikkje likt Boye Ullmann å halde kjeft.

Held ikkje kjeft

Etter over 40 år som tillitsvald og organisasjonsarbeidar, har han no samla erfaringane i «Håndbok for tillitsvalgte».

Ullmann kjem frå Jern og Metall, og klubbarbeid i industribedrifta Norwesco. Der var han klubbleiar i nesten tjue år fram til bedrifta vart lagt ned i 2001.

Verktøymakaren var offer for fleire år med trakassering frå leiinga etter å ha blanda seg inn i ein oppkjøpsprosess.

– Eg ville gjort det igjen, eg gjorde det for å redde arbeidsplassar. Men eg har lært at det er tøft for tillitsvalde å bruke ytringsfridommen, seier han.

Rundt tusen byggeplassbesøk har det blitt i løpet av åra, har Ullmann rekna ut. Her fra verving av rørleggere til Rørleggernes Fagforening (i dag Bygningsarbeidernes Fagforening) i 2012, på en byggeplass på Sinsen. Fra venstre: Organisasjonsarbeider Boye Ullmann, Joakim Gebhardt (klubbleder GK Rør), Laimonas Vinikatis, Morten Winsents og nestleder Morten Olsen.

Rundt tusen byggeplassbesøk har det blitt i løpet av åra, har Ullmann rekna ut. Her fra verving av rørleggere til Rørleggernes Fagforening (i dag Bygningsarbeidernes Fagforening) i 2012, på en byggeplass på Sinsen. Fra venstre: Organisasjonsarbeider Boye Ullmann, Joakim Gebhardt (klubbleder GK Rør), Laimonas Vinikatis, Morten Winsents og nestleder Morten Olsen.

Håvard Sæbø

Lillehamringen kjem også frå ml-rørsla, som på 70- og 80-talet kjempa med Ap om tillitsverv ute på arbeidsplassane.

– Vi meinte mange i Arbeidarpartiet var for opptatte av å sitte på fanget til leiinga. Vi vann på demokrati og fekk ein tese om at det var betre med eitt styremøte eller medlemsmøte for mykje enn eitt for lite.

Ullmann vart deretter organisasjonsarbeidar i Fellesforbundet etter eit par år som lausarbeidar i fagrørsla og tre år som fagleg sekretær i Nei til EU.

Rapport

I forbundet var det på med hjelm og vernesko og ut på byggeplassar, og etter kvart arbeid med bransjane Hotell og Restaurant, og Grafisk. Etter dryge fire år fekk han jobb i Rørleggernes Fagforening i Oslo (i dag Bygningsarbeidernes Fagforening).

Rundt tusen byggeplassbesøk har det blitt i løpet av åra, har han rekna ut. Og etter kvart brosjyrar på 16 språk i ryggsekken.

– Du må ha med entusiasme kvar bidige dag ha dei same innlegga der du argumenterer for betydninga av organisering og å vere med på spleiselaget.

Han har også jobba med fleire vellukka kampanjar, anten dei gjeld forbod mot bemanningsbransjen på byggeplassar i Oslo-området eller insourcing av reinhald på hotell.

– Det handlar om å lage prosessar for å vinne, meiner Ullmann.

– Rapport! utbrytar han.

Både media og politikarar liker rapportar med konklusjonar og funn om korleis det står til på arbeidsplassane, har han lært. Sånn kan fagrørsla definere verkelegheita og ha definisjonsmakta.

– Eg ville gjort det igjen, eg gjorde det for å redde arbeidsplassar, seier verktøymakaren om da han vart offer for fleire år med trakassering frå leiinga etter å ha blanda seg inn i ein oppkjøpsprosess.

– Eg ville gjort det igjen, eg gjorde det for å redde arbeidsplassar, seier verktøymakaren om da han vart offer for fleire år med trakassering frå leiinga etter å ha blanda seg inn i ein oppkjøpsprosess.

Håvard Sæbø

Energibombe

68-åringen har snart vore eitt år i permisjon for å jobbe for politisk kontroll på vasskrafta, på oppdrag frå Industriaksjonen – som består av ei rekke fagforeiningar – og for Raudt.

Dei som kjenner deg seier du ikkje har fått mindre energi med åra. Korleis går det an?

– Det er grunnleggande engasjement, sjølvsagt. Og så må du passe på å trene. Eg er glad i å gå på ski, da.

Ullmann er også kjent blant tillitsvalde for engasjement og eit uttrykksfullt kroppsspråk på talarstolen.

– Eg bruker ikkje manus. Det surrar i hovudet og så er det nokre kulepunkt. Dette er mengdetrening. Er du gæren, eg var livande redd på mitt første landsmøte i 1986 for å få jernteppe og alt mogleg.

Lillehamringen kjem frå ml-rørsla, som på 70- og 80-talet kjempa med Ap om tillitsverv ute på arbeidsplassane. – Vi meinte mange i Arbeidarpartiet var for opptatte av å sitte på fanget til leiinga.

Lillehamringen kjem frå ml-rørsla, som på 70- og 80-talet kjempa med Ap om tillitsverv ute på arbeidsplassane. – Vi meinte mange i Arbeidarpartiet var for opptatte av å sitte på fanget til leiinga.

Erlend Angelo

Kunnskap og sjølvtillit

Kvifor kjem du med ei handbok for tillitsvalde no?

– Redselen er at sersjant- og fenrik-sjiktet, troppssjefane i fagrørsla, skal rotne på rot når vår generasjon fasast ut, og at folk ikkje tør å stille. Eg meiner at den norske modellen ikkje berre er at LO-toppen, NHO-toppen og regjeringa skal sitte og prate. Da mistar vi makt og innverknad. Dette er vårt bidrag til å kurse og engasjere.

Til ein fersk tillitsvalt har han rådet:

– Du har forhandlingsrett, og bedrifta må stille i løpet av åtte dagar. Om dei ikkje gjer det, har vi avtaler og eit rettssystem. Du må bygge sjølvtillit. Men det nyttar ikkje berre å vere forbanna og slå i bordet. Du må ha kunnskapen og tenke prosess.

Da kan handboka vere ein god start.

Boyes kamper: Hans politiske løpebane omfatter også Afghanistan, Palestina, anti-krigsarbeid og en svær kokk

Nytt om navn: Boye Ullmann fra bygningsarbeiderne til Rødt

Namn: Boye (Viggo Halfdan) Ullmann

Alder: 68

Yrke: Organisasjonsarbeidar

Aktuell med: Handbok for tillitsvalde