JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Type-it:

Her lager dei tilsette 4.000 bøker i året

Opnar du ei bok, står det som regel Type-it i den. Bedrifta er stolt over at dei klarer å halde førtrykksprosessen i Norge.
MEDIEGRAFIKARAR: Mari Røstvold er faglært reproteknikar og Jannicke Skibnes er typograf. I dag er fagutdanninga slått saman til mediegrafikaryrket.

MEDIEGRAFIKARAR: Mari Røstvold er faglært reproteknikar og Jannicke Skibnes er typograf. I dag er fagutdanninga slått saman til mediegrafikaryrket.

Håvard Sæbø

09.12.2020
12:22
09.12.2020 12:23

tormod@lomedia.no

TRONDHEIM: Mens trykkinga av norske bøker blir gjort i lågkostland, er det stort sett førtrykksbedrifta Type-it AS som plasserer teksten og bilda. Trondheims-bedrifta sørger for at iallfall prosessen før trykking blir i landet.

Hoffleverandør

Dei tilsette set oppunder 4.000 titlar i løpet av eit år, ifølge bedrifta, som deretter blir sendt vidare til trykkpressene. Mange av dei blir også publisert som e-bøker.

– Vi er hoffleverandørar til norske forlag, som grovt rekna er 80 prosent av marknaden. I tillegg leverer vi eit vesentleg tal titlar til Sverige, Danmark, Finland og England. Vi må ha låge prisar og stort volum for å konkurrere, forklarer dagleg leiar Christian Aalberg.

KULTURARV: Vi forvaltar den norske kulturarven, meiner dagleg leiar Christian Aalberg

KULTURARV: Vi forvaltar den norske kulturarven, meiner dagleg leiar Christian Aalberg

Håvard Sæbø

Automatisering

I tillegg til å plassere tekst og bilde manuelt side for side, bruker dei ein eigenutvikla teknologi som automatiserer delar av prosessen: nærmare bestemt eit xml-orientert ombrekkingssystem med mange konverteringsmoglegheiter, som det heiter på fagspråket.

Teknologi og design

– Det unike ved bedrifta er samspelet mellom tung fagleg kompetanse på teknologi og design. Ein suksessfaktor er også godt arbeidsmiljø og takhøgd, seier Aalberg.

KORREKTUR: Presisjon er viktig under arbeidet. Bedrifta kan i verste fall få rekning i innboksen om opplaget må kasserast på grunn av feil i førtrykksprosessen.

KORREKTUR: Presisjon er viktig under arbeidet. Bedrifta kan i verste fall få rekning i innboksen om opplaget må kasserast på grunn av feil i førtrykksprosessen.

Håvard Sæbø

Bedrifta var opphavleg arbeidarstyrt, av seks tilsette som i 2003 slutta på det no nedlagde Aktietrykkeriet i Trondheim. Seinare har fleire komme til.

Heng med i utviklinga

Dei fleste har vore innom Aktietrykkeriet og har lang erfaring frå den grafiske bransjen. Det gjeld også klubbleiar Tore Thrana som tok fagbrevet i 1990, før Internett-alderen.

– Reisa har vore lang, og yrket har blitt mykje meir digitalt og komplekst. Vi må henge med i utviklinga, seier han.

EFFEKTIV: Mediegrafikarane må henge med i utviklinga og vere effektive for å konkurrere med bedrifter i lågkostland, forklarer klubbleiar Tore Thrana.

EFFEKTIV: Mediegrafikarane må henge med i utviklinga og vere effektive for å konkurrere med bedrifter i lågkostland, forklarer klubbleiar Tore Thrana.

Håvard Sæbø

Gammalt og nytt

Det får dei til. Iallfall om vi skal skode suksessen på kontorlokalet som er ein historisk teglsteinsomn på ærverdige Bakklandet, med utsikt til Nidarosdomen frå kontorpulten.

– Vi er stolte av at vi klarer å halde førtrykksprosessen i Norge. Gjennom arbeidet vårt med litteraturen, forvaltar vi på mange måtar den norske kulturarven. Det opplever vi som ekstra motiverande og meiningsfylt, seier Aalberg.

MODERNE TIDER: Gammalt møter nytt i kontorlokala til Type It. På ærverdige Bakklandet i Trondheim jobbar tekstkonsulent Elin Verde med topp moderne programvare.

MODERNE TIDER: Gammalt møter nytt i kontorlokala til Type It. På ærverdige Bakklandet i Trondheim jobbar tekstkonsulent Elin Verde med topp moderne programvare.

Håvard Sæbø

Type-it AS

Førtrykksbedrift

11 tilsette, 9 i produksjonen

Omsette for 12,6 millionar kroner i 2019

Grunnlagt i 2003, ligg på Bakklandet i Trondheim

Fekk tariffavtale i 2018

Var dette interessant? Vil du dele den med noen andre?
09.12.2020
12:22
09.12.2020 12:23