JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Koronaviruset:

Hotell-kjedene kan misbruke koronaviruset for å spare pengar, fryktar tillitsvalde

Petter Stordalens Choice-konsern permitterer tilsette og varslar at oppseiingar kan komme. Koronaviruset kan bli eit påskot for å redusere grunnbemanninga, fryktar Fellesforbundet-tillitsvalde.

Håvard Sæbø

tormod@lomedia.no

Choice-leiinga varsla før helga permitteringar på grunn av mange avbestillingar og færre nye bestillingar enn normalt. Hotell-konsernet trur det vil gå månader før situasjonen er tilbake til normalen.

– Vi må i verste fall gå til oppseiingar, sa Choice-sjef Torgeir Silseth i ei videomelding til dei tilsette fredag.

Børge Ånesen, avdelingsleiar for Fellesforbundet sine medlemmer innanfor hotell og restaurant i Trøndelag, reagerer kraftig på at konsernet varslar permanent nedbemanning i ein bransje som allereie har låg grunnbemanning, mange deltidsstillingar og mellombels tilsette.

– Det verkar som dei ønsker å utnytte moglegheita til å barbere personalkostnadene ytterlegare, seier Ånesen som slår fast at Fellesforbundet-avdelinga ikkje vil godta koronaviruset som ein sakleg grunn til oppseiing.

Her er rettane dine om du blir permittert

I Trondheim er førebels 26 tilsette ved Choice-hotellet Clarion Hotel Trondheim permittert frå og med veka som kjem, opplyser han til Magasinet for fagorganiserte. Hotellet er Trondheims største, og eit av dei største konferansehotella i Skandinavia.

Saka held fram under bildet.

Erlend Angelo

Ingen glede

I ei melding til dei tilsette onsdag, avviser Choice-sjef Torgeir Silseth at dei ser positivt på kostnadskutta dei gjer i selskapet, men gjentar at tilsette kan bli sagt opp.

– Vi skal gjere alt vi kan for at dette skjer så humant som mogleg. Vi gjer det i samarbeid med dei tillitsvalde og tilsette, seier han vidare.

Silseth viser til at Folkehelseinstituttet tysdag tilråda å avlyse arrangement med over 500 deltakarar, noko som rammar spesielt kurs- og konferansehotella.

– Vi forventar openbart at det blir gjort tilpassingar, men den enkelte hotelldirektør og avdelingsleiar tar dei detaljerte avgjerdene, seier han.

Djevat Hisenaj, Fellesforbundets avdelingsleiar i Hordaland, viser til at liknande kriser i reiselivsbransjen tidlegare har ført til at fast tilsette har blitt erstatta av mellombels tilsette.

– Vi kjem til å følge nøye med. Vi kan ikkje ha ei berekraftig næring utan fagarbeidarar og stabil kompetanse. Då må ein ha heile, faste stillingar, seier Hisenaj til Magasinet.

I Bergen vart fire tilsette måndag permittert med fjorten dagar varsel, ved Choice sitt Hotel Oleana, opplyser Hisenaj.

p

For kort varsel

Avdelingsleiarane i Fellesforbundet går hardt ut mot hotella som har valt å permittere tilsette med to dagar varsel.

Hovudavtala mellom dei fagorganiserte og bedriftene, slår fast at permitteringsvarselet skal vere fjorten dagar, dersom årsaka ikkje er ulukker, naturhendingar eller andre uføresette hendingar.

– Eg forstår at dei må permittere, men det skal vere med fjorten dagar. Det er ordremangel på hotella, ikkje smittefare, poengterer Ånesen.

LOs juridiske avdeling har uttalt at koronaviruset ikkje er grunn til å permittere med to dagar varsel, blant anna fordi dette er ei hending som har utarta seg over fleire veker.

Saka held fram under bildet.

Erlend Angelo

Ånesen og Hisenaj oppfordrar derfor tillitsvalde til å krevje fjorten dagar varsel, med mindre hotellet er i karantene.

Det same gjer avdelingsleiar Merethe Solberg i Oslo, som seier mange tillitsvalde melder om press frå arbeidsgivar om å bruke todagarsvarselet.

– Dette er tida for å vurdere å få utført forefallande arbeid og vedlikehald, i tillegg til nødvendige ting som storreingjering, seier ho til Magasinet.

Choice seier til Magasinet at dei ikkje har kapasitet til å svare på spørsmåla våre i samband med denne saka.

Warning
Dette er en sak fra

Vi skriver om ansatte i store bransjer i privat sektor, blant annet industri, bygg, transport og hotell og restaurant.

Les mer fra oss

Annonse
Annonse