JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Historisk høge straumprisar

Industriarbeidar Eric Andre slit med straumrekningane: – Har aldri hatt det så trongt økonomisk

Auken i straumprisane fører til at arbeidsfolk flest har fått dårlegare råd.
POLITIKARANE MÅ GRIPE INN: Staten må ta ei større del av straumrekninga og finne ei løysing med normale straumprisar, krev industriarbeidar Eric Andre Olsen.

POLITIKARANE MÅ GRIPE INN: Staten må ta ei større del av straumrekninga og finne ei løysing med normale straumprisar, krev industriarbeidar Eric Andre Olsen.

Privat

tormod@lomedia.no

Ein av dei er Eric Andre Olsen (35) i Mandal i Agder. I 2020 betalte han omtrent 20.000 kroner for straumen. I fjor var prisen cirka 35.000 kroner for same forbruk – omtrent 27.400 kilowattimar.

Utgiftene hans til å halde huset varmt og elbilen i gang har altså auka med 15.000 kroner, eller nærmare 60 prosent.

– Eg har hatt det trongt økonomisk før, men aldri så trongt som no, seier han.

Går ikkje rundt

Olsen har ei årslønn på rundt 450.000 kroner i jobben på byggeindustri-bedrifta Sørlaminering AS, der han er leiar for Fellesforbundet-klubben. Kona tener omtrent det same i ei 80 prosent stilling som barnehagelærar.

Saman har dei to gutar og ei jente, på tolv, ni og sju år. Dei skal på SFO, turntrening og ha tannregulering. Alt kostar. I tillegg har Olsen og kona fullt bustadlån på det 160 kvadratmeter store og dårleg isolerte huset frå 80-talet. Og to bilar – det må til for å levere og hente ungar og komme seg til og frå jobb i distriktet.

Han og kona har fått betalingsutsetting og ligg etter på fleire rekningar, fortel Olsen. Og i desember måtte han ta forskot på lønn for å ha nok pengar til julegåver og mat.

– Ein skyv jo berre på problemet.

– Men vi er heldigare enn mange andre som har større straumrekningar. Eg har prata med folk som ligg på rundt 10.000 kroner i månaden og har tatt opp forbrukslån, fortel han.

Den største frykta hans er også kredittgjeld som konsekvens av langvarig høge straumprisar.

Arbeidsfolk flest

Mange arbeidsfolk er i same situasjon som Olsen og familien. Fjorårets prisvekst ligg nemleg an til å ete opp lønnsveksten og vel så det.

Årsveksten i prisane var i fjor 3,5 prosent, ifølge konsumprisindeksen til Statistisk sentralbyrå (SSB). Mens ramma frå fjorårets lønnsoppgjer mellom LO og NHO var 2,7 prosent. Statistikken for lønnsvekst i 2021 er ikkje klar enno, men om ramma også blir lønnsveksten – då har arbeidsfolk flest fått reallønnsnedgang.

Historisk høge straumprisar er hovudgrunnen. Straumprisane utgjer heile 2,1 prosentpoeng av prisveksten, og SSB har aldri målt prisane på elektrisitet som ein så stor del.

Sist arbeidsfolk flest fekk reallønnsnedgang var i 2016 – også då på grunn av høgare straumprisar enn forventa. Deretter må ein tilbake til 80-talet, ifølge Teknisk berekningsutval sine utrekningar.

Les også: Barnehagepedagog Benedicte (36) lurer på hvordan hun skal få råd til mat

– Politikarane må gripe inn

I desember var prisveksten på heile 5,3 prosent samanlikna med same månad i 2021. Straumprisane utgjer 3,2 prosentpoeng av denne prisveksten, sjølv etter at straumstøtta frå staten er trekt frå.

I desember toppa det seg også for Eric Andre Olsen og familien med nærmare 8.500 kroner i straumrekning – noko som vart redusert til 6.250 kroner etter at straumstøtta frå staten vart trekt frå nettleiga.

Det er ikkje nok, meiner Olsen som er ein av nesten 600.000 medlemmer i Facebook-gruppa «Vi som krever billigere strøm».

– Politikarane må gripe inn, og staten må dekke dei auka straumutgiftene fram til dei finn ei løysing med normale straumprisar. Elles får dei kutte i andre avgifter som SFO eller kommunale avgifter.

Fått med deg denne? Slik kan strømprisen påvirke lønnsoppgjøret, ifølge forbundslederne

Warning
Dette er en sak fra

Vi skriver om ansatte i store bransjer i privat sektor, blant annet industri, bygg, transport og hotell og restaurant.

Les mer fra oss

Annonse
Annonse