JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Josef Blikra lagar eigen straum frå bekken

Han vert glad når det regnar, og når straumprisen går i taket. Forklaringa er enkel: Josef Blikra og naboen har bygd eige kraftverk i bekken som renn over tunet. Det er straum nok til 45 einebustadar.
STRAUM FRÅ BEKKEN: – Det regnar pengar, smiler Josef (68). På dagar som denne, vert det fart i turbinen som står nokre hundre meter frå huset på garden Blikra i Vindafjord.

Håvard Sæbø

06.02.2020
10:26
07.02.2020 14:41

has@lomedia.no

– Det regnar pengar, smiler Josef (68). På dagar som denne, vert det fart i turbinen som står nokre hundre meter frå huset på garden Blikra i Vindafjord. Han er sjølvforsynt med straum, og overskotet sel han til det lokale kraftverket.

PENGEMASKIN: Snart er lånet nedbetalt, og dei kan begynne å ta utbytte frå straumen dei sel. Ein gong om dagen kjem det ei melding om kor mykje straum dei har produsert siste døgnet. I dag viser meldinga 3.150 kw/t. På topp produserer dei 223 kw kvar time med rein straum frå bekken 235 høgdemeter over turbinen. I fjor vart det 920.000 kw/t, og mesteparten vart seld til Haugaland kraft.

Blikraåna kraftverk har vore eit eventyr, seier den tidlegare bonden med lang fartstid i Fellesforbundet som maskinførar hos AF Decom i Vindafjord. I mange år gjekk han og høyrde på bekken som rann, og tenkte at den hadde eit stort potensial til å laga straum. Så i 2005 gjekk han saman med naboen og investerte vel to millionar i å byggje demning, røyrgate og turbinhus. Med ein solid dose eigeninnsats, sto kraftverket ferdig året etter.

BEKKEN: Det skal ikkje meir vatn enn dette til for å produsera mest ein gigawatt med straum. Det held til om lag 45 einebustadar.

LITE ARBEID: Kraftverket klarar seg stort sett sjølv, men dei lyt rensa rista ved inntaket for lauv og kvistar. Hvis ikkje går det tett, og produksjonen går ned. Det heile er overvaka og automatisert, slik at dei får ei melding på telefonen når det er noko som bremsar straumproduksjonen.

BLIKRABYGDA: Kraftverket forsyner to gardar med gratis straum. Den bratte traktorvegen opp til inntaket er som alt anna sjølvbygd.

INNTAKET: Frå inntaket går det ei røyrgate på 950 meter ned til turbinen.

GRØN STRAUM: Eg synest fleire kunne ha gjort som meg, og bygd småkraftverk. Det er ei lønnsam investering, og inngrepa i naturen er svært små. Me bygde turbinhuset i same stil som kvernhusa som gardane i Blikrabygda bygde på 17-1800 talet. Støy er det heller ikkje snakk om, sidan me bygde ein vatnlås bak turbinen, som dempar lyden, seier Josef.

KRAFTKAR PÅ JOBB: Josef Blikra på arbeid hos AF Decom. Han styrer den svære saksa som klipp sund skrot frå installasjonar i Nordsjøen.

Var dette interessant? Vil du dele den med noen andre?
06.02.2020
10:26
07.02.2020 14:41