Lærling Malene Hoem (19) pussar ned metall, vaskar det i ei rekkje kjemiske bad, sprøytar på plastpulver i ønskjeleg farge – og steikjer det til perfeksjon. Resultatet skal tole tid, vêr og bruk.
Kva gjer ein...
Kva gjer ein industriell overflatebehandlar?
På Malene sin arbeidplass tel utsida meir enn innsida.
Saken oppsummert
has@lomedia.no
MOLDE: – Grunnarbeidet er alt, seier «overlakkmeister» og industriell overflatebehandlar André Sæthermyr.
– Slurvar du her, er det ikkje mogleg å berge tingen, seier han, og ber oss kjenne på det glatte metallet til det som ser ut til å vere rekkverk til ei trapp.
Jobben hans handlar om det auget ser – og alt grunnarbeidet som må gjerast før noko kan sjå bra ut.
Det som er ureint blir fjerna. Overflata klargjort. Først då kan sjølve magien byrje.
– Det handlar om detaljar. Om tolmod. Og om å gjere utsida så god som innsida fortener, seier «overlakkmeister» André Sæthermyr.
Roy Ervin Solstad
Kjemi-bonanza
Og den skjer i mange steg. Veldig mange.
Forbehandling. Suravfetting. Skylling. Alkalisk avfetting. Ny skylling. Aktivering. Sinkfosfat. Dobbel skylling. Passivering. Skylling med avionisert vatn.
Ti nøye kontrollerte prosessar, der temperatur, pH-verdi, fri-syre, total-syre og konduktivitet må vere heilt presise – heile tida.
Supermaskin
– Arbeidet er i høg grad repeterande, men ingen dagar er like, seier Sæthermyr.
– Det dukkar alltid opp noko. Då må ein vere løysingsorientert.
Hos Brødrene Midthaug AS står eitt av Noregs største pulverlakkeringsanlegg – og eit av berre to i landet som er godkjende av Sintef, ifølge Sæthermyr.
Her får metallet den siste finishen.
Fint plastpulver vert sprøyta på det ferdigbada emnet i ulike fargar, før produkta blir køyrd inn i varmen med transportbandet.
Der smeltar pulveret og legg seg som eit jamt og slitesterkt lag.
– Det fine med pulverlakk er at det nesten ikkje luktar, og at det blir minimalt med svinn, forklarar Sæthermyr.
Pulver som ikkje festar seg, vert samla opp og brukt på nytt.
Finish
– Det er kanskje den mest miljøvennlege måten å lakkere på, seier han.
På «pulverkjøkkenet» skiftar fargane heile tida. Akkurat no er det blått som gjeld.
Lærling Malene Hoem (19) trivst med å legge på den siste finishen – det som møter blikket til kundane.
– Det er fint å vite at det vi gjer her, er det folk ser til slutt, seier ho.
Industriell overflatebehandlar
Ein industriell overflatebehandlar førebur og behandlar metall og andre industrimateriale for å verne dei mot rust, slitasje og kjemisk påverknad.
Arbeidet kan omfatte reinsing, sliping, sandblåsing, lakkering eller anna overflatebehandling som sikrar god kvalitet, lang levetid og rett eigenskap på produkta.
Dette er en sak fra
Vi skriver om ansatte i store bransjer i privat sektor, blant annet industri, bygg, transport og hotell og restaurant.

