JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Metoo:

Kvinne (22) saksøkte arbeidsgivar og kundar for seksuell trakassering. No skal saka til Høgsterett

Den første rettssaka i forlenging av metoo-kampanjen skal no behandlast av Høgsterett.

Gorm Kallestad / NTB scanpix

tormod@lomedia.no

– Denne saka er historisk, fordi det er den første med dette temaet som blir behandla i rettssystemet og som slepp inn i Høgsterett, seier LO-advokat Tina Storsletten Nordstrøm til Magasinet for fagorganiserte.

Hendene under genseren

Ein 22-år gammal kvinneleg industriarbeidar og Fellesforbundet-medlem, saksøkte i 2018 arbeidsgivaren og to mannlege kundar. Kravet er erstatning for seksuell trakassering og brot på likestillings- og diskrimineringslova.

I Senja tingretten i april i fjor, vart ein av kundane og arbeidsgivar dømt til å betale erstatning til kvinna. Den eldre mannen hadde blant anna lagt hendene under genseren til kvinna. Begge partar anka dommen. Arbeidsgivaren og den eine kunden vart dømt i Hålogaland lagmannsretten i desember. Den andre kunden vart derimot frifunne også i der.

Kvinna og LO sine advokatar meiner begge kundane har gjort seg skuldig i seksuell trakassering. Både dei og motparten anka saka til Høgsterett i januar. No er saka slept inn i Høgsterett av domstolen sitt ankeutval. LO-advokatane melde først om dette i Facebook-gruppa si.

Diskrimineringsnemnda

Dermed må domstolen ta stilling til kva som er omfatta av lovforbodet mot seksuell trakassering, og arbeidsgivar sin lovfesta plikt til å stoppe trakasseringa.

LO-advokat Nordstrøm seier dommen kjem til å bli viktig for Diskrimineringsnemnda, som frå 1. januar i år kan idømme oppreising i saker om seksuell trakassering.

– Det er viktig at vi får ein dom i rettssystemet som seier korleis desse sakene skal behandlast, seier ho.

Magasinet har vore i kontakt med advokat Hedvig Cecilie Svardal som har ført saka for dei to kundane og bedrifta. Ho ønsker ikkje å kommentere saka.

Warning
Dette er en sak fra

Vi skriver om ansatte i store bransjer i privat sektor, blant annet industri, bygg, transport og hotell og restaurant.

Les mer fra oss

Annonse
Annonse