Tariffoppgjøret 2020:
Lønnsoppgjeret i hotell og restaurant er i gang. Her er krava
Lønnstillegg, sjukepengar på forskot, kompetanseløft, ekstrahjelp-opprydding og fast månadslønn. Dette er dei viktigaste krava til Fellesforbundet i årets tariffoppgjer for hotell og restaurant.
FORHANDLINGSSTART: Forhandlingsleiar Clas Delp i Fellesforbundet og forhandlingsleiar Magne Kristensen i NHO Reiseliv, møttest i NHO sine lokale i Oslo for å utveksle krav i årets tariffoppgjer.
Håvard Sæbø
tormod@lomedia.no
Måndag klokka 13 møttest Fellesforbundet og NHO Reiseliv til overlevering av krav og forhandlingsstart i årets tariffoppgjer. Det skjer mens hotell- og restaurantbransjen framleis står oppe i koronakrisa som gjorde at forhandlingane vart utsette i mars.
– Vi i forhandlingsdelegasjonen er opptatt av at det no er snakk om å gjenreise bransjen. Den gjenreisinga vil vi at skal skje med kompetanseløft og rettferdige og likeverdige vilkår. Det ber krava vi har med oss inn i oppgjeret preg av, seier forbundssekretær og forhandlingsleiar Clas Delp i Fellesforbundet til Magasinet for fagorganiserte.
Dette er krava
Her er dei viktigaste krava Fellesforbundet leverte til NHO Reiseliv måndag:
• Eit generelt tillegg på 50 øre til alle frå 1. april, som i frontfaget.
• At bedriftene ikkje kan forskjellsbehandle arbeidstakarar når det gjeld forskotering av sjukepengar, som i frontfaget.
• Vidareføring av samarbeidet om etter- og vidareutdanning.
• Opprydding i reglane om bruk av ekstrahjelper.
• Fast månadslønn ut frå stillingsprosenten.
Det generelle tillegget er ikkje aleine nok til å sikre kjøpekrafta, altså at tilsette har like mykje å rutte med.
– Vi må også forhandle på resten av den økonomiske pakka, på kva tidspunkt og kva måte tillegga skal bli gitt, understrekar Clas Delp.
Sånn vart resultatet i frontfaget: 50 øre til alle, meir til lågtlønte
Null-krav frå NHO
NHO sitt representantskap provoserte mange då dei i juni gjekk inn for null sentrale og lokale lønnstillegg. Likevel har det blitt lønnstillegg i alle Fellesforbundet sine oppgjer så langt.
– Vi er kjend med forhandlingsposisjonen til NHO, men frontfaget kom fram til ei ramme på 1,7 prosent, og det er førande for alle andre oppgjer også, påpeikar Delp.
Saka held fram under bildet.
FORHANDLINGAR: Forhandlingsleiar Clas Delp i Fellesforbundet og forhandlingsleiar Magne Kristensen i NHO Reiseliv skal saman med delegasjonane sine sitte i forhandlingar fram til onsdag.
Håvard Sæbø
NHO Reiseliv står derimot fast på kravet om null og niks i lønnstillegg, trass resultatet i den konkurranseutsette industrien, frontfaget.
– Vår næring er i ein heilt spesiell situasjon i år, der det er fullstendig krise, og det gjer at utgangspunktet er at det ikkje bør gis lønnstillegg, seier forhandlingsleiar og direktør for arbeidslivspolitikk i NHO Reiseliv, Magne Kristensen.
– No skal vi møte Fellesforbundet og ikkje forskotere forhandlingane, seier Kristensen til Magasinet.
Partane har sette av tre dagar til forhandlingar.
Fagforeiningsleiarar: – Vi kan ikkje godta å gå ned i lønn
Tariffoppgjeret i hotell og restaurant
Forhandlingane mellom Fellesforbundet og NHO Reiseliv startar 7. september, og tre dagar er sette av.
Dei forhandlar om endringar i den såkalla Riksavtala, overeinskomsten som omfattar dei som jobbar innanfor overnatting, servering og catering.
Overeinskomsten omfattar rundt 7.700 Fellesforbundet-medlemmer, men forhandlingane får innverknad på mange fleire tilsette på bedrifter med tariffavtale og gjennom lovfestinga av delar av avtala.
Tariffoppgjera skulle eigentleg starte i vår, men vart som alle andre oppgjer utsette på grunn av koronakrisa.
Resultatet i frontfaget, den konkurranseutsette industrien som forhandlar først og legg føringar for andre oppgjer, vart ei ramme på 1,7 prosent i auka kostnader for arbeidsgivarane. Forventa prisstiging er 1,4 prosent, ifølge Teknisk berekningsutval (TBU).
Ei gjennomsnittleg årslønn for heiltidstilsette i bransjen var i fjor 388.000 kroner, ifølge TBU. Det er 78 prosent av industriarbeidarlønna på 496.200 kroner.
Etter streiken i hovudoppgjeret i 2016, fekk klubbane rett til lokale lønnsforhandlingar. Lønnstillegga i åra etterpå har likevel vore tilnærma null i dei store kjedene.
Dette er en sak fra
Vi skriver om ansatte i store bransjer i privat sektor, blant annet industri, bygg, transport og hotell og restaurant.
Flere saker