JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Frontfaget

Lønnsoppgjeret: Permitterte skal også streike

Dersom Fellesforbundet-medlemmer i industrien går ut i streik fredag, skal permitterte også stå streikevakt.

Håvard Sæbø

tormod@lomedia.no

– Dei som er permittert er også omfatta av ein eventuell streik. Det er eit val vi har tatt, for å passe på at streiken blir effektiv og vanskeleg å omgå, seier forbundssekretær Knut Øygard i Fellesforbundet.

– Alle skal kunne delta i streikeaktivitetar, det er ingen a- og b-medlemmer her, seier han til Magasinet for fagorganiserte.

Dermed må også korona-permitterte Fellesforbundet-medlemmer ved bedriftene som er omfatta av ein streik, gjere seg klar til å ta på streikevestane.

Sjekk lista over bedriftene omfatta av ein streik i industrien her.

Dei streikande vil då ikkje ha rett på dagpengar frå Nav. Det slår folketrygdlova fast. Heller ikkje dei som var permittert før streiken skal ha dagpengar dersom dei blir tatt ut i streik, ifølge Nav-reglar.

– Då vil dei få streikebidrag som alle andre og vil kunne vere med å delta i streiken. Det er viktig at alle medlemmer blir behandla likt, seier Øygard.

Streikebidraget frå forbundet er no på 3.835 skattefrie kroner i veka, i tillegg til eit tilskot for forsørging av barn.

Fellesforbundet tar ut 27.000 medlemmer i streik dersom dei ikkje blir einig med Norsk Industri i meklinga om endringar i Industriovereinskomsten.

Fristen for å dra tariffoppgjeret i hamn utan konflikt, er midnatt natt til fredag.

Les dei siste sakene om årets tariffoppgjer:

11 tillitsvalgte: «Minstelønna ligger på et desperat lavt nivå»

Daniel fikk ikke sykepenger fra Nav eller jobben. Slik kunne det vært unngått

Warning
Dette er en sak fra

Vi skriver om ansatte i store bransjer i privat sektor, blant annet industri, bygg, transport og hotell og restaurant.

Les mer fra oss

Annonse
Annonse