Dette er en sak fra
Magasinet for fagorgansierte
Vi skriver om ansatte i store bransjer i privat sektor, blant annet industri, bygg, transport og hotell og restaurant.
Les mer fra oss
To av tre amerikanarar støttar fagrørsla, viser ei måling gjennomført av Gallup i juli og august.
Midt oppe i koronakrisa støttar 65 prosent av amerikanarane fagforeiningar. Det er største oppslutning sidan 2003.
Analyse- og rådgivingsselskapet Gallup har målt haldningar til fagforeiningar sidan 1936. Toppen i popularitet var på 50-talet med 75 prosent støtte. Botnen var under finanskrisa i 2009 då berre 48 prosent av amerikanarane støtta fagforeiningar.
Fagrørsla i USA er minst populære under økonomiske kriser, men held altså likevel stand under koronapandemien. Tidlegare målingar viser at folk meiner fagforeiningar hjelper eigne medlemmer, men i mindre grad økonomien som heilskap.
No er amerikanarane derimot delt i synet på kva som er USA sitt største problem, ifølge målingar: mellom koronaviruset, økonomien, rasisme og politisk leiarskap.
Sjølv om dei er populære, er eit fåtal amerikanarar med i ei fagforeining. Berre 10 prosent er fagorganiserte, ei halvering frå 80-talet.