JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Lønnskompensasjon for permitterte:

No er korona-lønna frå Nav klar. Sånn er ordninga

Pengane skal vere på konto innan tre dagar etter at arbeidsgivar har rapportert inn informasjon til Nav.

Ole Palmstrøm

tormod@lomedia.no

Nav melder tysdag at løysinga for lønnskompensasjon til permitterte er klar. Dette er ei utbetaling tilsvarande inntil 18 dagar full lønn.

I den nye løysinga skal arbeidsgivar rapportere inn informasjon om permittering og lønna til tilsette. Du skal bli varsla av Nav når arbeidsgivar gjer dette.

Innan tre verkedagar, skal pengane vere på kontoen din, lover Nav. Dersom du har fått forskot på dagpengar, skal dette ikkje trekkast frå lønnskompensasjonen, skriv etaten på nettsidene sine.

• Les også: Dette er Nav-ytelsene du har krav på i de fem forskjellige fasene som permittert

Nav har tidlegare opplyst at du må søke lønnskompensasjon sjølv dersom arbeidsgivaren din ikkje melder inn informasjon om deg. På nettsidene sine skriv dei at dei «kommer tilbake med mer informasjon når denne er klar».

Lønnskompensasjonen skulle eigentleg vore klar i mai, men vart forseinka. Grunnen er at Nav ikkje klarte å beregne kor mykje permitterte skulle ha utbetalt ut frå opplysingane i den såkalla a-meldinga til Skatteetaten.

I staden for at permitterte sjølv søker, har Nav derfor utvikla ei løysing der arbeidsgivarar rapportere inn informasjonen som manglar.

• Les også: Permitterte Torill (51) måtte hente mat hos Frelsesarmeen: – Du står med lua i handa

– Det er viktig at arbeidsgivarane gjer det dei skal no, sånn at vi raskt får betalt ut pengane, seier arbeids- og velferdsdirektør Sigrun Vågeng.

Stortinget vedtok lønnskompensasjonen allereie 20. mars. Samtidig reduserte dei perioden arbeidsgivar skal betale full lønn til permitterte, frå 15 til to dagar. Ordninga omfattar dei som er ramma av denne endringa.

Denne informasjonen bruker Nav for å innvilge lønnskompensasjon:

• tidspunktet du vart permittert

• om arbeidsgivaren din har forskotert lønn til deg etter at du vart permittert

• lønna di per dag, sånn arbeidsgivaren har berekna den

• dagane du har jobba mens du var permittert

• om du har fått utbetalt omsorgspengar eller sjukepengar mens du var permittert

Kjelde: nav.no

Warning
Dette er en sak fra

Vi skriver om ansatte i store bransjer i privat sektor, blant annet industri, bygg, transport og hotell og restaurant.

Les mer fra oss

Annonse
Annonse

Denne informasjonen bruker Nav for å innvilge lønnskompensasjon:

• tidspunktet du vart permittert

• om arbeidsgivaren din har forskotert lønn til deg etter at du vart permittert

• lønna di per dag, sånn arbeidsgivaren har berekna den

• dagane du har jobba mens du var permittert

• om du har fått utbetalt omsorgspengar eller sjukepengar mens du var permittert

Kjelde: nav.no