Lønnsoppgjeret 2022

No går diskusjonen om lønnsoppgjera i Fellesforbundet

Snart skal Fellesforbundet-medlemmar stemme ja eller nei til resultata i dei første lønnsoppgjera.

KRONER OG ØRE: Mange tillitsvalde, som på informasjonskonferansen i Oslo, lurer på kva lønnsoppgjeret betyr i kroner og øre for den enkelte.
KRONER OG ØRE: Mange tillitsvalde, som på informasjonskonferansen i Oslo, lurer på kva lønnsoppgjeret betyr i kroner og øre for den enkelte.
Publisert

JOBB

OSLO: I Samfunnssalen i sentrum av hovudstaden, arrangerte Fellesforbundet onsdag ein av mange informasjonskonferansar om årets tariffoppgjer.

I Oslo hadde dei tillitsvalde mange spørsmål om lønnsveksten i år. Kva betyr lønnsoppgjera for den enkelte? Det er ikkje alltid så lett å forstå ut frå å lese forhandlingsprotokollar, som kan vere ganske tekniske.

– Vi forklarer kva oppgjeret betyr for medlemmane i kroner og øre, seier forbundssekretær Per Skau, som stilte opp i Oslo saman med kollega Clas Delp.

Diskuterer oppgjera

No reiser forbundsleiinga land og strand rundt for å informere tillitsvalde i ulike delar av Norge – om tariffoppgjera som forhandlingsdelegasjonane i Fellesforbundet er einige med arbeidsgivarane om.

Sånn skal dei tillitsvalde ute på arbeidsplassane stå godt rusta til å informere medlemmane.

– Det er medlemmane sitt oppgjer, påpeikar Skau.

– Det er viktig at vi får diskutert oss gjennom kva som ligg i oppgjera.

Uravstemmingar

Snart skal Fellesforbundet-medlemmane som har tariffavtale på jobben, godkjenne lønnsoppgjeret i bransjen dei jobbar i – eller sende forslaget i retur.

Den første runden med uravstemmingar er 5. mai – for tariffoppgjeret i industrien, byggebransjen og byggeindustrien. Neste følger på 19. mai – førebels for treforedlingsindustrien og hotell- og restaurant-bransjen.

– Vi jobbar no for ei høg deltaking sånn at uravstemminga gir eit riktig bilde av kva medlemmane på dei enkelte avtalene meiner, seier forbundssekretær Clas Delp.

– Folk må sette seg inn i resultatet og delta!

Powered by Labrador CMS